onsdag 26. april 2017

Handsmidd vevkniv

Eit flott bytteprosjekt på gang!


Ei venninne som er i toppsjiktet når det kjem til brikkevev bestilte ein vevkniv med litt meir vekt i enn den ho hittil har brukt. Vi blei enige om at sjølve bladet skulle være stål, og at kniven ellers skulle lagast som ein vanleg kniv. Dvs med gøymd tange og treskaft. 
Som sagt, så gjort!

Her er den forrige vevkniven, i furu (tror eg).




Og slik er den nye; handsmidd, uskarp/butt egg, skjult tange, skaft i tre. Litt usikker på treslaget for å være ærlig, men det er løvtre, relativt hardt og med djup oransjeraud farge etter oljing. (Kjem kanskje ikkje så godt fram i innelyset på bildene.)

Spikking av skaftet, og før linolje

Etter første lag med olje.

Tre lag linolje og mykje liv i treet



Sjekk ut Randi Stoltz si heimeside!
Utrolig mykje godt handverk! 





torsdag 6. april 2017

Vevsverd

Det første vevsverdet var for kunde, og sidan eg hadde ein del eik igjen tok eg like godt og laga eit til.  Det her blei noko kortare, ca 85cm, men ellers veldig likt proporsjonsmessig.

Eg tok nokre bilder undervegs, så om nokon skulle finne på å lage seg eit slikt, er det bare å sjå her. 


Det første vevsverdet er 100cm, det her blir litt kortare.

Nest siste steg er pynten.

Legg til bildetekst

Dei som ikkje har treskjærerjern
brukar kniv.


Ei lita krukke med uvisst innhald.
Men det lukta ikkje ekkelt. 



Siste steg er oljing. Mmmmmmm,
linolje.







onsdag 15. mars 2017

Jernalder-slirekniv/spikkekniv

Enkel, robust og allsidig laminert slirekniv med skaft i eik.

Vi treng ein kniv som kan brukast til alt frå matlaging til spikking av teltpluggar, så eg funderte litt, leita litt, og fann eit knivblad eg smidde heilt i begynnelsen mi smi"karriere". Skaftet var eit som var tiltenkt ein annan kniv, der eg ombestemte meg i siste liten. Skaftet er godt dèt, men det passa ikkje på kniven det var tiltenkt. 

Her er eit par bilder av kniven før sliping av blad og oljing av skaft:





Skaftet er eik, og bladet er laminert med eggstål i midten. Bladet skal slipast ned til å bli spissare og meir spikke-vennlig. 

Fleire bilder kjem!






torsdag 9. mars 2017

Smidde isbroddar i jern

Fortidsfamilien har eit nytt prosjekt på gang, og eg får være med! 


Den her gangen er det snakk om å kunne fote seg på nokonlunde skapeleg vis på glatta, iført sko frå vikingtid. Som Espen lagar sjølv, sjølvsalgt.
Ei veldig kjekk oppgåve!












Salatbestikk i selje

Laga for ein verdsatt kunde.

Eg fekk bestilling på eit sett med salatbestikk i tre for litt sida, og no var tida komen til å ta fatt på oppdraget. Eg har ein god del selje liggande utomhus, klart for nesten kva det skal være, i tillegg til bjørk og bøk. Noko av det fine med selje er den flotte fargen (oransjrosa) på kjerneveden som står i fin kontrast til lys, nesten bjørkekvit ytterved.

Det er mange veiar til Rom, men her ser du korleis eg gjer det i 6 enkle steg.

1. splitt 

2. hogg til skaftet
3. ta ned tuppen på skåla

4. skjær til skåla og hul ut med skeikniv/hoggjern

5. lag ein lik


...bare motsatt

6. få nokon til å rydde opp



torsdag 9. februar 2017

Nytt prosjekt: hornskeier!

Saman med Espen frå Fortidsfamilien hadde vi ei lita "arbeids-samling" med tema 'Hornskeier'.

Espen har frå tidlegare litt erfaring med dette, men prosjektet har lagt på hylla i nokre år. Vi har snakka litt om å ta det opp att, og no kom dagen då det passa for alle tre. Dei involverte var Espen, Siri og eg. 

Prosessen er i grove trekk: varm opp horn (vi har brukt kuhorn og bukkehorn), legg i press, form til med egna verktøy. 

Vi brukte ei gryte med varmt vatn til oppvarming

To former og nokre skeier i ulike stadier 

Siri danderer og flottar seg.

Eg stjel motivet.
Dette er eit handverk ikkje så mange begir seg ut på, men som var ein viktig del av bordsetjinga i middelalder. Les på sida til Fortidsfamilien for meir historie rundt hornskeier og handverket. 

På marknader og andre arrangementr er dette noko vi vil kunne formidle og etter kvart ha for salg. Eit veldig kjekt handverk og ein sit igjen med eit produkt som potensielt varer ei mannsalder. Men vi treng meir horn, bortsett frå det er vi skikkelig godt i gang!

Øksing og spikking av skeier på heimetunet

Spalta bjørk og hassel

No når det er -5 til -10 grader her på vestlandet er det ypeprlig å stå ute og jobbe med øks og kniv. No i helga var det heilt ypperlige spikkeforhold på tunet, kun avbrutt av litt dyreliv og ein ukjent fugl som laga horribelt løyen lyd. 
Eg fekk øksa til to skeier på relativt kort tid den her dagen, ei i hassel og ei i spalta / surna bjørk.
Uansett. Veldig stas!

Utsikt (m/bråkete svanar)

Arbeidsplassen

Påbegynt lang skei i hassel. Den var sprekk i, og blei til ved.

Her gir eg meg med øks og går over til kniv.

Utsikta si som har vaska seg.
Fleire Hausdalsskeier vil bli spikka her! 

torsdag 19. januar 2017

Eit par ny-spikka skeier etter gammalt.

Innimellom smiinga og andre prosjekt spikker eg litt skeier

Og det vil eg nok fortsetje med. Det skjer titt og ofte at eg klør i fingrane etter å lage noko på kveldstid, så eg har lært å alltid ha ferdigøksa skei-emner liggande, klare for knivarbeid. 

Lita turskei i surna bjørk



Lang, usymmetrisk kombiskei i fjellbjørk

Fungerer til matlaging, servering og eting.
Om noko er av interesse er det bare å gje meg ein lyd. Skeier i forskjellige stilar og størrelsar er som regel klare for levering. Bilder av kva som er tilgjengeleg kan sendast om ønskeleg.











fredag 13. januar 2017

Bål-kit

Handsydd skinnpung med eldstål, flint, bjørkenever og knusk.

Dette har vore ein plan temmeleg lenge. Endeleg, no når eg har fått tak i ordentlig stål, får eg realisert planen: eit alt-i-eitt-bål-sett der eg har laga alt for hand. 

Det skal siast, dette skinnet har eg ikkje garva sjølv. Om eg skulle brukt sjølvgarva skinn til dette ville kvart sett kosta over 1000-lappen. Enkelte av dykk ville nok satt pris på alt arbeidet som var lagt ned i det og vert villig til å betale for det (noko eg KAN gjere, men kun på bestilling og betaling på forhånd), men dei aller fleste er ute etter noko som er litt meir overkommelig i pris. 
Ellers er pungen handsydd med lintråd, eldstålet handsmidd, flinten handknust, neveren er no never, og knusken laga på askelut, som seg hør og bør. 

I mi bok er dette stas. 






Rett og fint.

Sydd på vranga. Vrangsydd heiter det sikkert.






Lær-reim i elgskinn

Eit flott slik redigert bilde frå instagram'en min
Eg vurderer å bytte ut knusken med forkulla lin. Har ikkje bestemt meg heilt enno.
I tillegg kan det hende det blir valgfritt skinn for kundane etter kvart. Elg-, sel- eller reinsdyrskinn.