Viser innlegg med etiketten cutlery. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten cutlery. Vis alle innlegg

torsdag 9. mars 2017

Salatbestikk i selje

Laga for ein verdsatt kunde.

Eg fekk bestilling på eit sett med salatbestikk i tre for litt sida, og no var tida komen til å ta fatt på oppdraget. Eg har ein god del selje liggande utomhus, klart for nesten kva det skal være, i tillegg til bjørk og bøk. Noko av det fine med selje er den flotte fargen (oransjrosa) på kjerneveden som står i fin kontrast til lys, nesten bjørkekvit ytterved.

Det er mange veiar til Rom, men her ser du korleis eg gjer det i 6 enkle steg.

1. splitt 

2. hogg til skaftet
3. ta ned tuppen på skåla

4. skjær til skåla og hul ut med skeikniv/hoggjern

5. lag ein lik


...bare motsatt

6. få nokon til å rydde opp



torsdag 9. februar 2017

Nytt prosjekt: hornskeier!

Saman med Espen frå Fortidsfamilien hadde vi ei lita "arbeids-samling" med tema 'Hornskeier'.

Espen har frå tidlegare litt erfaring med dette, men prosjektet har lagt på hylla i nokre år. Vi har snakka litt om å ta det opp att, og no kom dagen då det passa for alle tre. Dei involverte var Espen, Siri og eg. 

Prosessen er i grove trekk: varm opp horn (vi har brukt kuhorn og bukkehorn), legg i press, form til med egna verktøy. 

Vi brukte ei gryte med varmt vatn til oppvarming

To former og nokre skeier i ulike stadier 

Siri danderer og flottar seg.

Eg stjel motivet.
Dette er eit handverk ikkje så mange begir seg ut på, men som var ein viktig del av bordsetjinga i middelalder. Les på sida til Fortidsfamilien for meir historie rundt hornskeier og handverket. 

På marknader og andre arrangementr er dette noko vi vil kunne formidle og etter kvart ha for salg. Eit veldig kjekt handverk og ein sit igjen med eit produkt som potensielt varer ei mannsalder. Men vi treng meir horn, bortsett frå det er vi skikkelig godt i gang!

søndag 1. juni 2014

Bjørgvin Marknad 2014

Då er BM over for i år, og alle er godt nøgd med marknaden. 20 grader, om ikkje meir, sval vind og god stemning.
Eg stod i smia stort sett heile tida så lenge der var publikum, så det med været har eg bare blitt fortalt. Omtrent heilt sant. Det var iallefall intenst varmt å stå og smi dei her dagane.
I tillegg til dei avbilda tinga her smidde eg eit spikerlo, to torshamrar, ein skrapekniv, ein s-krok, ein pilspiss og ordna nokre teltpluggar.

Her er bilder av eit par av tinga eg laga:


Kniven er herda og anløpt, slire skal syast.
Desse knivane er meint som enkle bordknivar, og skal filast og herdast.
Litt uvanleg form på bladet, men med surring av skinnsnor på skaftet blir det bra.