Viser innlegg med etiketten forged. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten forged. Vis alle innlegg
tirsdag 21. november 2017
S-krokar i jern
Ohoi!
Av diverse årsakar har det blitt lite smiing i det siste. Så for å komme igang igjen har eg begynt å gjøre meg klar for neste års marknadsesong.
Det første som står på agendaen er brukarvennlege S-krokar. Slike går det ein god del av, så eg smir så mange eg kan dei to dagane eg kan smi den her uka. Uvisst enno kor mange det blir, men satser på å havne oppunder 30.
Tok eit par bilder i går:
Om ikkje bildene er nok livestream'a eg på FB :
https://www.facebook.com/historisk/videos/500173860346202/
Framgangsmåte:
-Hamre ut eine enden til ein jevnt avsmalande spiss
-Lag ein liten krøll/snurr
-Lag ein smekker U-bøy
-Varm opp hi sida og repeter
Tadaaaaaa!
onsdag 15. mars 2017
Jernalder-slirekniv/spikkekniv
Enkel, robust og allsidig laminert slirekniv med skaft i eik.
Vi treng ein kniv som kan brukast til alt frå matlaging til spikking av teltpluggar, så eg funderte litt, leita litt, og fann eit knivblad eg smidde heilt i begynnelsen mi smi"karriere". Skaftet var eit som var tiltenkt ein annan kniv, der eg ombestemte meg i siste liten. Skaftet er godt dèt, men det passa ikkje på kniven det var tiltenkt.
Skaftet er eik, og bladet er laminert med eggstål i midten. Bladet skal slipast ned til å bli spissare og meir spikke-vennlig.
Fleire bilder kjem!
Fleire bilder kjem!
torsdag 9. mars 2017
Smidde isbroddar i jern
Fortidsfamilien har eit nytt prosjekt på gang, og eg får være med!
Den her gangen er det snakk om å kunne fote seg på nokonlunde skapeleg vis på glatta, iført sko frå vikingtid. Som Espen lagar sjølv, sjølvsalgt.
Ei veldig kjekk oppgåve!
fredag 13. januar 2017
Bål-kit
Handsydd skinnpung med eldstål, flint, bjørkenever og knusk.
Dette har vore ein plan temmeleg lenge. Endeleg, no når eg har fått tak i ordentlig stål, får eg realisert planen: eit alt-i-eitt-bål-sett der eg har laga alt for hand.
Det skal siast, dette skinnet har eg ikkje garva sjølv. Om eg skulle brukt sjølvgarva skinn til dette ville kvart sett kosta over 1000-lappen. Enkelte av dykk ville nok satt pris på alt arbeidet som var lagt ned i det og vert villig til å betale for det (noko eg KAN gjere, men kun på bestilling og betaling på forhånd), men dei aller fleste er ute etter noko som er litt meir overkommelig i pris.
Ellers er pungen handsydd med lintråd, eldstålet handsmidd, flinten handknust, neveren er no never, og knusken laga på askelut, som seg hør og bør.
I mi bok er dette stas.
![]() |
| Rett og fint. |
![]() |
| Sydd på vranga. Vrangsydd heiter det sikkert. |
![]() |
| Lær-reim i elgskinn |
![]() |
| Eit flott slik redigert bilde frå instagram'en min |
I tillegg kan det hende det blir valgfritt skinn for kundane etter kvart. Elg-, sel- eller reinsdyrskinn.
torsdag 5. januar 2017
Jernalderkniv, heilstål, med slire
Sying av slire
Eg har smidd ein GOD del slike jernalderknivar oppigjennom dei få åra eg har holdt på, men ikkje alle kjem så langt som å få slire.
Eg har tatt eit par bilder for å vise litt korleis eg gjør. Ikkje så lett å huske på å ta bilder, men men.
![]() |
| Læret var i overkant tjukt, så eg begynte med å tynne det |
![]() |
| Sylen får kjørt seg |
![]() |
| Eg syr alltid med salmakersting slik at kvart sting blir "låst" |
![]() |
| Eg foretrekker å bruke lintråd |
![]() |
| Slira blir bløyta og forma med provisorisk falsebein |
![]() |
| Forma og farga |
torsdag 13. oktober 2016
INNLEGG #100! Smidd brus/øl-åpner
Første Give Away!
(Dette er innlegg nr 100 av alle eg har laga, dvs eg har eit par utkast som ikkje er publisert enno, men det får no være.)
Slik blei ein tirsdag i smia brukt, og no er det på tide å vise litt takksemd til dykk som spør oppriktig interesserte spørsmål om kva eg lagar for tida og korleis det går. Så ein av desse går ut til ein superduper-ultraheldig vinner.
Åpnaren er testa og godkjent av eit særs kritisk testpanel beståande av undertegnande og svigerbror.
Det å åpne eigenprodusert øl med eigenprodusert åpner.... #denkjensla .
OK! Vi må ha nokre reglar!
-Skriv ein trivelig kommentar (eller bare 'ja takk') nedst på sida her og du er med i trekninga
-Det blir trekt EIN vinnar av ein slik åpner
-Vinnaren blir trekt 1.november
-Sender kun til Norge for denne Give Away'en
-Det blir god gammaldags loddtrekning frå hatt, så ikkje noko sånn ''nr 54 får premien''-greier.
-Hugs å oppgje mailadresse slik at ein kan få tak i kor pakken skal sendast!
-Vinner blir annonsert her og kontakta 1.nov.
Lykke til!
Då har vi trukke ein vinnar frå flosshatten!
Gratulerar Eddie Jacobseeeeeeen!
tirsdag 30. august 2016
Ohoi, alle! Ei kjapp oppdatering.
Alt for lenge sida eg har prioritert blogging no. Har mange grunna og eit par unnskyldninger, men held meg for god til å ramse opp alle, sidan det er stort sett prioritering det står på. Om eg vil prioritere Netflix, så gjør eg det. Om eg vil buldre eller spikke istadenfor å skrive innlegg så gjør eg det. Om eg rett og slett ikkje har lyst... Då lar eg være. Og så går det i glømmeboka, då.
Men satsar på å prioritere litt meir her no framover. Jepp.
Kan begynne med dette:
Laga på Festningsdagene på Bergenhus. For salg.
Oppkjøringa mi til NM historisk bueskyting.
Serverings-skei av plommetre. Bursdagsgåve.
Eit innlegg om NM historisk bueskyting er i emning. Dette til info.
tirsdag 9. februar 2016
Smidd fiskekrok
Jah!
Eg fekk ein forespurnad her for ei tid tilbake, om eg kunne smi ein relativt stor og massiv fiskekrok frå middelalder. Og det kan eg vel saktens. Alltid kjekt med nye prosjekt!
![]() |
| Arbeidsteikning frå Morten |
![]() |
| Jah, ein liten skjermdump med Morten i hjørnet der. |
Morten sendte meg bilde av funnet (første bilde her), og så teikna han ei arbeidsteikning og ga meg mål på kroken.
Bilde nr to er av ein litt anna type krok, litt meir "moderne" utsjånad.
Det blei klart relativt tidleg at det ikkje var gunstig å bruke mjukt stål, så eg gjekk over til fjørstål. Fungerte som ei kule.
fredag 18. desember 2015
Knaggar i jern
Ohoi!
Lenge sidan sist! Kor det går der ute i verda?
Folk har spurt litt om kvifor eg ikkje har laga nye innlegg på ei stund, og svaret er vel strengt tatt mangefasettert. Eller kva det heiter.
Her er nokre av grunnane:
| 4 samojedkvalpar |
| Langbogeleiking |
| Langboge-/pinnespikking |
Men men, but but. Her er eit par bilder av ting eg har smidd i det siste. Det er ikkje alt eg har vore flink å huske å ta bilde av, for å seie det mildt; knaggrekker og spiker og knivar og så vidare har gått i gløymebokji.
Men dette er frå sist mandag:
søndag 6. september 2015
Seglspøte til gammal, gammal trebåt
Det ligg nokre gamle trebåtar i nausta på Hordamuseet. Dei har eit eige lag av entusiastar som driv vedlikehold og tar båtane ut sånn dann og vann. Dei tok kontakt og lurte på om eg kunne smi ein sånn ting som gjorde sånn og sånn. Det kan eg vel, sa eg. Og sånn blei det:
Enkel og grei sak. Artig lite prosjekt.
tirsdag 1. september 2015
Spydspiss til kampspyd
Folk treng staffasje. Eg gir folket staffasje som tålar å bli brukt. Harde ting som kan herjast med og gjerne kastast rundt. SMILEFJES. Verbale smilefjes er dei beste.
Ser fram til å denge rundt og kose meg med spyd!
Skal lage fleire av desse, i litt diverse storleikar. Så om du treng/vil ha spyd kan du gi meg ein lyd. Kven treng ikkje eit spyd, lizm?
Eg har ein askestokk og ein hasselstokk liggande til tørk, og har ikkje bestemt meg for kva som bli kva. Ein blir bue og ein blir spyd. Hurra!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
































