Viser innlegg med etiketten fire steel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fire steel. Vis alle innlegg

fredag 13. januar 2017

Bål-kit

Handsydd skinnpung med eldstål, flint, bjørkenever og knusk.

Dette har vore ein plan temmeleg lenge. Endeleg, no når eg har fått tak i ordentlig stål, får eg realisert planen: eit alt-i-eitt-bål-sett der eg har laga alt for hand. 

Det skal siast, dette skinnet har eg ikkje garva sjølv. Om eg skulle brukt sjølvgarva skinn til dette ville kvart sett kosta over 1000-lappen. Enkelte av dykk ville nok satt pris på alt arbeidet som var lagt ned i det og vert villig til å betale for det (noko eg KAN gjere, men kun på bestilling og betaling på forhånd), men dei aller fleste er ute etter noko som er litt meir overkommelig i pris. 
Ellers er pungen handsydd med lintråd, eldstålet handsmidd, flinten handknust, neveren er no never, og knusken laga på askelut, som seg hør og bør. 

I mi bok er dette stas. 






Rett og fint.

Sydd på vranga. Vrangsydd heiter det sikkert.






Lær-reim i elgskinn

Eit flott slik redigert bilde frå instagram'en min
Eg vurderer å bytte ut knusken med forkulla lin. Har ikkje bestemt meg heilt enno.
I tillegg kan det hende det blir valgfritt skinn for kundane etter kvart. Elg-, sel- eller reinsdyrskinn.


torsdag 12. januar 2017

Eldstål og jernalderkniv

Ein leirskole vil ha historiske verktøy

Eg fekk forespurnad om eg kan levere to eldstål og ein heilstål jernalderkniv ganske kjapt, så eg heiv meg rundt. Det stået eg tidlegare har brukt til å smi fyrtøy av har mellom 0,6 og 0,7% karbon, så det er ikkje lett å treffe skikkelig på herdetemperaturen. Med så lite karbon må temperaturen være høg.
   Det blei bestilt stål. Eg bestilte stål med 1,25% karbon, hardt som... som... eh, skikkelig hardt stål å hamre på, men steik kor bra eldstål det blir! Vi snkkar stjerneskudd og fyrverkeri. Omtrent.

Uansett: sånn ser dei ut. Må sjåast i levande live. Så til alle dykk som har tidlegare har uttrykt ønske om eldstål som faktisk fungerer: no er eg klar. Gi meg ein lyd, for desse er gode.







onsdag 14. januar 2015

Nordiske romertid-ildstål

Dette er eit oppdrag som eg har gleda meg til å begynne på. Vi har handtak / skaft (laga av Morten Kutschera), men det gjenstår å bore hol til stålet, og å få det til å sitte godt fast, i tillegg til hòl til reima.



Dei to første ferdig herda. 


Eg fekk smidd og herda 6 stål, og bora hól i 5 handtak/skaft. Neste tirsdag skal dei limast og eg skal bore hól til tau i enden av skaftet. Så ferdig. Bilder kjem.
Oppdatering: vi er litt usikre på kor hòl til reima skal plasserast, så dette gjenstår per no. Vi (Espen og eg) skal kike litt i bøker i morgon (30.01.) og så durer eg på. Som vanlig: skal prøve å få dokumentert greiene...

Eldstål og kvarts




fredag 5. desember 2014

Bildeserie, framgangsmåte for eldstål - jernalder


Utgangspunkt: fjærstål

Hamrar til ein fat spiss frå midten og ut.

Samme på andre sida, så lik som mogleg.

Lage liten snurr på enden og bøye til.



Gløder opp stålet sakte for normalisering.

Normalisering og herding er gjort. Anløping gjenstår.
Og plutselig har vi eit eldstål. Ta-daa.













mandag 1. desember 2014

Eldstål

Det er mørkt og kjølig ute, og alle bør ha noko å fyre opp med. Eg har no smidd eit par eldstål som som kan hjelpe med dette. Herdetemperaturen må eg øve meir på, men dette blir bra.

 Sånn ser dei ut:






Alle kan ikkje være like. 

Det her blir bra, ser du. Eg har ein plan om å produsere ein del av desse. Det går ein del av dei både her og der, på det som er av jernaldermarknader. Men som tidlegare nevnt; herdinga må sitje skikkelig, og eg ser fram til å øve meir på det og å få det skikkelig til.