Viser innlegg med etiketten anvil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten anvil. Vis alle innlegg

onsdag 15. mars 2017

Jernalder-slirekniv/spikkekniv

Enkel, robust og allsidig laminert slirekniv med skaft i eik.

Vi treng ein kniv som kan brukast til alt frå matlaging til spikking av teltpluggar, så eg funderte litt, leita litt, og fann eit knivblad eg smidde heilt i begynnelsen mi smi"karriere". Skaftet var eit som var tiltenkt ein annan kniv, der eg ombestemte meg i siste liten. Skaftet er godt dèt, men det passa ikkje på kniven det var tiltenkt. 

Her er eit par bilder av kniven før sliping av blad og oljing av skaft:





Skaftet er eik, og bladet er laminert med eggstål i midten. Bladet skal slipast ned til å bli spissare og meir spikke-vennlig. 

Fleire bilder kjem!






torsdag 12. januar 2017

Eldstål og jernalderkniv

Ein leirskole vil ha historiske verktøy

Eg fekk forespurnad om eg kan levere to eldstål og ein heilstål jernalderkniv ganske kjapt, så eg heiv meg rundt. Det stået eg tidlegare har brukt til å smi fyrtøy av har mellom 0,6 og 0,7% karbon, så det er ikkje lett å treffe skikkelig på herdetemperaturen. Med så lite karbon må temperaturen være høg.
   Det blei bestilt stål. Eg bestilte stål med 1,25% karbon, hardt som... som... eh, skikkelig hardt stål å hamre på, men steik kor bra eldstål det blir! Vi snkkar stjerneskudd og fyrverkeri. Omtrent.

Uansett: sånn ser dei ut. Må sjåast i levande live. Så til alle dykk som har tidlegare har uttrykt ønske om eldstål som faktisk fungerer: no er eg klar. Gi meg ein lyd, for desse er gode.







søndag 15. mars 2015

Ny gammal ambolt til meg!

Naboen min hadde visst ein ambolt til overs. Han gav den til meg fordi det er beire at ting blir brukt enn at dei står stua vekk i ei garasje/løe/fjøs. Uansett, eg er glad. Skikkelig glad.