tirsdag 25. mars 2014

Pilspissar med tange

Her er tre av bladspissane mine. Dei to til venstre smidde eg idag på handverkstreffet. Dei skal filast litt, så dei får litt egg og blir aldri så lite meir symmetriske.




Smiing av brynjebrytarar med tange




Ja, no er det ei stund sia forrige innlegg. Sånn er det av og til, ting blir satt litt på hold.
Men men. Dei siste månadane har eg øvd meg meir på pilspissar, då Bogelaget har blitt spurt om å vise fram forskjellege typar historiske spissar, og effekten desse har på diverse "mål". Dvs ringbrynje, halmblink og platerustning. Dette skal visast fram på Bergenhusdagane i sommar. Vi tenkar å ha tre av kvar; brynjebrytar, bodkin og "blad"-spiss. Dei to bilda her visar brynjebrytarsmiing. Desse med fal.