Viser innlegg med etiketten carving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten carving. Vis alle innlegg

fredag 1. desember 2017

Turkoppar til ei kvar anledning

Det var på tide å ta eit steg vidare frå å spikke skeier. Folk treng jo turkopp!

Det er tungt arbeid å gjøre for hand, men givande er det. Eg har brukt sag til å kutte stokken opp i nokonlunde handterlige bitar, ellers er alt gjort med øks og kniv.

Eg valgte å bruke gråor som oksiderar i møte med luft. Då blir det ein flott, varm oransjfarge.












Bilder av dei ferdige koppane kjem. Må huske at det snart er jul, og enkelte av koppane er tenkt å være julegåver, så kan ikkje leggje ut bilder enno.







torsdag 6. april 2017

Vevsverd

Det første vevsverdet var for kunde, og sidan eg hadde ein del eik igjen tok eg like godt og laga eit til.  Det her blei noko kortare, ca 85cm, men ellers veldig likt proporsjonsmessig.

Eg tok nokre bilder undervegs, så om nokon skulle finne på å lage seg eit slikt, er det bare å sjå her. 


Det første vevsverdet er 100cm, det her blir litt kortare.

Nest siste steg er pynten.

Legg til bildetekst

Dei som ikkje har treskjærerjern
brukar kniv.


Ei lita krukke med uvisst innhald.
Men det lukta ikkje ekkelt. 



Siste steg er oljing. Mmmmmmm,
linolje.







onsdag 15. mars 2017

Jernalder-slirekniv/spikkekniv

Enkel, robust og allsidig laminert slirekniv med skaft i eik.

Vi treng ein kniv som kan brukast til alt frå matlaging til spikking av teltpluggar, så eg funderte litt, leita litt, og fann eit knivblad eg smidde heilt i begynnelsen mi smi"karriere". Skaftet var eit som var tiltenkt ein annan kniv, der eg ombestemte meg i siste liten. Skaftet er godt dèt, men det passa ikkje på kniven det var tiltenkt. 

Her er eit par bilder av kniven før sliping av blad og oljing av skaft:





Skaftet er eik, og bladet er laminert med eggstål i midten. Bladet skal slipast ned til å bli spissare og meir spikke-vennlig. 

Fleire bilder kjem!






torsdag 9. mars 2017

Salatbestikk i selje

Laga for ein verdsatt kunde.

Eg fekk bestilling på eit sett med salatbestikk i tre for litt sida, og no var tida komen til å ta fatt på oppdraget. Eg har ein god del selje liggande utomhus, klart for nesten kva det skal være, i tillegg til bjørk og bøk. Noko av det fine med selje er den flotte fargen (oransjrosa) på kjerneveden som står i fin kontrast til lys, nesten bjørkekvit ytterved.

Det er mange veiar til Rom, men her ser du korleis eg gjer det i 6 enkle steg.

1. splitt 

2. hogg til skaftet
3. ta ned tuppen på skåla

4. skjær til skåla og hul ut med skeikniv/hoggjern

5. lag ein lik


...bare motsatt

6. få nokon til å rydde opp



torsdag 9. februar 2017

Øksing og spikking av skeier på heimetunet

Spalta bjørk og hassel

No når det er -5 til -10 grader her på vestlandet er det ypeprlig å stå ute og jobbe med øks og kniv. No i helga var det heilt ypperlige spikkeforhold på tunet, kun avbrutt av litt dyreliv og ein ukjent fugl som laga horribelt løyen lyd. 
Eg fekk øksa til to skeier på relativt kort tid den her dagen, ei i hassel og ei i spalta / surna bjørk.
Uansett. Veldig stas!

Utsikt (m/bråkete svanar)

Arbeidsplassen

Påbegynt lang skei i hassel. Den var sprekk i, og blei til ved.

Her gir eg meg med øks og går over til kniv.

Utsikta si som har vaska seg.
Fleire Hausdalsskeier vil bli spikka her! 

torsdag 19. januar 2017

Eit par ny-spikka skeier etter gammalt.

Innimellom smiinga og andre prosjekt spikker eg litt skeier

Og det vil eg nok fortsetje med. Det skjer titt og ofte at eg klør i fingrane etter å lage noko på kveldstid, så eg har lært å alltid ha ferdigøksa skei-emner liggande, klare for knivarbeid. 

Lita turskei i surna bjørk



Lang, usymmetrisk kombiskei i fjellbjørk

Fungerer til matlaging, servering og eting.
Om noko er av interesse er det bare å gje meg ein lyd. Skeier i forskjellige stilar og størrelsar er som regel klare for levering. Bilder av kva som er tilgjengeleg kan sendast om ønskeleg.











onsdag 14. desember 2016

Gåvesett for kunde, smørekniv og skei x2


Eg fekk bestilling på eit gåvesett og sa sjølvsagt at klart det kan gjerast. Veldig kjekt å lage ting på bestilling.
Smøreknivane er av bjørk og skeiene er i selje. Veldig kjekt sløydarbeid, og enormt kjekt med bestillingjobb.


Knivane er ferdig olja.
Begynt utskjæring på eine skeia.
Ferdig med utskjæring, kun finpuss att.


Før og etter linolje (og Instagram-filter).

Surra dei ihop med senetråd. Innafor det, vel.

Produktet er levert til kunde. Mykje glede og slik tyder på at kunden vart nøgd. Og då er EG nøgd.
Hipp hurra. Og sånt. 😏












onsdag 12. oktober 2016

Ei bjørkeskei, med litt slik pene former

Ein må jo ta i bruk det ein har tilgjengeleg, så no har eg no hatt den her bjørkebiten liggjande ute sidan Hansadagane i Bergen, og tenkte at no kan være eit godt tidspunkt for å spikke litt på den.
Det viste seg at den godt kunne ha lagt lengre, men eg fekk no fram noko av fargeforskjellen som kjem ved surning.


Neste skei med den her forma skal ha litt nedoverbøy på skaftet




Eg skulle gjerne sett meir fargeforskjell og liv i treet, men no er ikkje skeia olja enno, så kanskje det dukker opp etter den er ferdig tørka og olja. Vi venter spent.

Og FORRESTEN! Neste innlegg er nummer 100, og det skal feirast. Legg igjen ein kommentar på NESTE INNLEGG og vær med i trekninga på ein Give Away! På norsk betyr det at EIN heldig person Loddtrekning frå hatt) får ein ting. Ein ting som eg har laga. Som blir vist i neste innlegg.



Eksperimentering med former på spiseskei


Eg bestemte meg for å prøve korleis hassel ville fungere til skeier (fordi eg hadde litt igjen frå eit tidlegare prosjekt). Det viste seg å sjå knallbra ut, sidan der er veldig definert og mørk kjerneved i treet. Slike blir det fleire av!



Nr 1 i hassel








Nr 2 i hassel



1 til høgre, 2 til venstre