lørdag 22. juni 2013

Brygging av I.P.A. Del 2.


Då var dagen her. Flasking av Indian Pale Ale -første batch.

Målte OG'en til 1015, og tappa i vei.



Flasker reingjort og klargjort


Sukkerlake- 6ml pr liter



25liter i dunken, men bunnslam tar litt plass


"Humle i solnedgang"



Tja, litt sjølvforklarande bilete


Ferdig med flasking: 22,3 liter nytelse


Enkelt og greit mtp reingjøring når ein brukar blomst istadenfor pellets. 
Botnslammet var temmelig viskøst, og difor lett å få ut av dunken. Var berre å spa det utav, spyle og vaske dunken, så var den brått klar for ny brygging. Hurra for dèt. Eg er offisielt klar for runde 2.

Oppdatering 28.06.13:
-Brygget er no ferdig, og det har blitt grundig forsøkskonsumert. Alkoholprosent på ca 6,1% og god smak. Ikkje for bitter, og ikkje søt. Lettdrikkeleg, rett og slett. 1 liter går ned på høgkant, og brygget har blitt godkjend av ein trekksame.
-Eg har i òg konferert med Stein som er godt nøgd med sitt sluttprodukt. Og vi er klare for ny brygging til hausten. Hipphipp!

onsdag 12. juni 2013

Mjollnir til Andrè


Nokre bilete av siste produserte torshammar.
Dei vert betre og betre, og denne er eg nøgd med.



Arbeidsplassen






Neste session i smia blir fredag 14.06.13
Då har eg smia frå 09:30 til ca 14:30, i motsetning til dei vanlege tirsdagskveldane der eg får smidd i maks 2 timar. Eg satsar på å lage heilstålkniv av ei gammal fil eg har funne.
Bilder av prosessen vil bli lagt ut. Tar tida til hjelp.

mandag 10. juni 2013

Brygging av Indian Pale Ale 08.06.13. Del 1.



Her gjorde vi det aller meste på gamlemåten.
-Med storgryte som rommar ca 150 liter, og eit kar med einerkvistnedst, vatn til over sila, og malta bygg og oppkokt vatn på toppen. Heile suppa fekk kose seg på mellom 66 og 68 grader.
-Vørteren blei så helt opp i storgryta og kokt opp, og humle tilsatt i 3 omgongar. Vi fekk tak i blomst den her gongen, og ikkje pellets som har vorte brukt før. Dette viste seg å falle i smak, då det blei lettare å ause ut væske på slutten.
-Etter endt koketid sat vi igjen med omlag 25 liter kvar. Gjær vart tilsatt, og dette står no i dunk på kjøkkenet mitt og gjærar og kosar seg. *Blupp-blupp* til morgonkæffien er ikkje feil.
Om ca 2 veker er brygget klart for flasking. Då er sommaren gjerne redda likavel.

Her er litt bilete frå dagen.



Vatn kokast opp


 
Meskekaret med einerkvist nedst, sil, og kornet (bygg) øvst



Vørter tappast











Humleblomst

Det er visstnok uhyre viktig å måle nøye opp.



Første tilsetning av humle, etter oppkok av vørter


Det kokar jamt og lenge

Stein passar på ´som ein smed´

Skal leggje ut bilde av ferdig produkt når den tid kjem.

Kanskje eg til og med hugsar å knipse litt under tapping. Mykje å håpe på, kjennar eg.
Eg har i alle fall fått ein del tomme Erdinger-flasker av ein kompis, så dette vil bli knallbra.
til slutt vert det å evt lage, og feste på eigne etikettar.