Viser innlegg med etiketten mideval. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mideval. Vis alle innlegg

torsdag 9. februar 2017

Nytt prosjekt: hornskeier!

Saman med Espen frå Fortidsfamilien hadde vi ei lita "arbeids-samling" med tema 'Hornskeier'.

Espen har frå tidlegare litt erfaring med dette, men prosjektet har lagt på hylla i nokre år. Vi har snakka litt om å ta det opp att, og no kom dagen då det passa for alle tre. Dei involverte var Espen, Siri og eg. 

Prosessen er i grove trekk: varm opp horn (vi har brukt kuhorn og bukkehorn), legg i press, form til med egna verktøy. 

Vi brukte ei gryte med varmt vatn til oppvarming

To former og nokre skeier i ulike stadier 

Siri danderer og flottar seg.

Eg stjel motivet.
Dette er eit handverk ikkje så mange begir seg ut på, men som var ein viktig del av bordsetjinga i middelalder. Les på sida til Fortidsfamilien for meir historie rundt hornskeier og handverket. 

På marknader og andre arrangementr er dette noko vi vil kunne formidle og etter kvart ha for salg. Eit veldig kjekt handverk og ein sit igjen med eit produkt som potensielt varer ei mannsalder. Men vi treng meir horn, bortsett frå det er vi skikkelig godt i gang!

fredag 13. januar 2017

Bål-kit

Handsydd skinnpung med eldstål, flint, bjørkenever og knusk.

Dette har vore ein plan temmeleg lenge. Endeleg, no når eg har fått tak i ordentlig stål, får eg realisert planen: eit alt-i-eitt-bål-sett der eg har laga alt for hand. 

Det skal siast, dette skinnet har eg ikkje garva sjølv. Om eg skulle brukt sjølvgarva skinn til dette ville kvart sett kosta over 1000-lappen. Enkelte av dykk ville nok satt pris på alt arbeidet som var lagt ned i det og vert villig til å betale for det (noko eg KAN gjere, men kun på bestilling og betaling på forhånd), men dei aller fleste er ute etter noko som er litt meir overkommelig i pris. 
Ellers er pungen handsydd med lintråd, eldstålet handsmidd, flinten handknust, neveren er no never, og knusken laga på askelut, som seg hør og bør. 

I mi bok er dette stas. 






Rett og fint.

Sydd på vranga. Vrangsydd heiter det sikkert.






Lær-reim i elgskinn

Eit flott slik redigert bilde frå instagram'en min
Eg vurderer å bytte ut knusken med forkulla lin. Har ikkje bestemt meg heilt enno.
I tillegg kan det hende det blir valgfritt skinn for kundane etter kvart. Elg-, sel- eller reinsdyrskinn.


tirsdag 30. august 2016

Ohoi, alle! Ei kjapp oppdatering.


Alt for lenge sida eg har prioritert blogging no. Har mange grunna og eit par unnskyldninger, men held meg for god til å ramse opp alle, sidan det er stort sett prioritering det står på. Om eg vil prioritere Netflix, så gjør eg det. Om eg vil buldre eller spikke istadenfor å skrive innlegg så gjør eg det. Om eg rett og slett ikkje har lyst... Då lar eg være. Og så går det i glømmeboka, då.

Men satsar på å prioritere litt meir her no framover. Jepp.

Kan begynne med dette:

Laga på Festningsdagene på Bergenhus. For salg.

Oppkjøringa mi til NM historisk bueskyting.

Serverings-skei av plommetre. Bursdagsgåve.

Eit innlegg om NM historisk bueskyting er i emning. Dette til info.

tirsdag 9. februar 2016

Smidd fiskekrok


Jah!

Eg fekk ein forespurnad her for ei tid tilbake, om eg kunne smi ein relativt stor og massiv fiskekrok frå middelalder. Og det kan eg vel saktens. Alltid kjekt med nye prosjekt!



Arbeidsteikning frå Morten

Jah, ein liten skjermdump med Morten i hjørnet der. 


Morten sendte meg bilde av funnet (første bilde her), og så teikna han ei arbeidsteikning og ga meg mål på kroken.
Bilde nr to er av ein litt anna type krok, litt meir "moderne" utsjånad.

Det blei klart relativt tidleg at det ikkje var gunstig å bruke mjukt stål, så eg gjekk over til fjørstål. Fungerte som ei kule.