Viser innlegg med etiketten tinder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tinder. Vis alle innlegg

fredag 13. januar 2017

Bål-kit

Handsydd skinnpung med eldstål, flint, bjørkenever og knusk.

Dette har vore ein plan temmeleg lenge. Endeleg, no når eg har fått tak i ordentlig stål, får eg realisert planen: eit alt-i-eitt-bål-sett der eg har laga alt for hand. 

Det skal siast, dette skinnet har eg ikkje garva sjølv. Om eg skulle brukt sjølvgarva skinn til dette ville kvart sett kosta over 1000-lappen. Enkelte av dykk ville nok satt pris på alt arbeidet som var lagt ned i det og vert villig til å betale for det (noko eg KAN gjere, men kun på bestilling og betaling på forhånd), men dei aller fleste er ute etter noko som er litt meir overkommelig i pris. 
Ellers er pungen handsydd med lintråd, eldstålet handsmidd, flinten handknust, neveren er no never, og knusken laga på askelut, som seg hør og bør. 

I mi bok er dette stas. 






Rett og fint.

Sydd på vranga. Vrangsydd heiter det sikkert.






Lær-reim i elgskinn

Eit flott slik redigert bilde frå instagram'en min
Eg vurderer å bytte ut knusken med forkulla lin. Har ikkje bestemt meg heilt enno.
I tillegg kan det hende det blir valgfritt skinn for kundane etter kvart. Elg-, sel- eller reinsdyrskinn.


mandag 9. februar 2015

Knuskproduksjon

Flott turvær i skogen idag, og eg fann mange knusk-kjukar. Eg tok ned to stk og jobba med eine medan eg gjekk, og den andre tok eg med heim. Nett ferdig å skjære av "filtlaget", det som skal bli knusken. Noko bilde under skjæring av remsene blir det ikkje, då eg kom på at det her kan bli eit innlegg ALT for seint. Men men. Begge kjukane var på størrelse med ein liten knyttneve.



Først skjærast det ytterste skallet av.

Og så skjærast tynne flak langsmed utsida av kjuken.








Det som no gjenstår er å leggje dei i lut, for så å strekke og tørke dei.
Bilde kjem brått og uventa.


Oppdatering:

Ny knusk-kjuke blei sanka idag (26.11.). Denne var ein god del større enn dei forrige.

Kjuke rett frå skogen. 

Kjuke etter ytterste laget er skjært av.
Ein bør fjerne ytterste laget så fort som råd er, då det blir MYKJE verre å skjære i kjuken når den har tørka. Det går, men er voldsomt mykje meir jobb.

Fullt! 

Var på tur igjen, og fann ein flott kjuke på ei bøk. 




Paul har laga lut frå bjørkeaske

Strekking og tørking

Whisky og knusk


Ferdig strekt og tørka.