tirsdag 3. desember 2013

Smihelg på Dovre


For nokre veker sidan var eg ein tur på Hjerleid skole og handverkssenter på Dovre, for å smi og snakke med likesinna innan handverk.
Dette resulterte i mykje kjekt samvær, både med ansatte på skulen, og andre besøkande, samt litt ny kunnskap og eit par nye handsmidde "produkt". Eg fekk blant anna smidd meg ei kustomisert tang, nokre dørkrokar og kramper, ein Bodkinspiss, ei eldrake og ein "tust" (eller kva ein no skal kalle det).

Bilder kjem.


Vel heime att gjekk eg igang med å lage verktøy til ambolten.
  -Eg blei nesten ferdig med ei undersenke, den skal berre filast til og herdast, og så er den klar til bruk.
Bilde kjem.

  -Det neste som skal tilverkast er eit bøyeredskap. (Ser ut som ein Y, der stammen går ned i ambolten og piggane opp er lengre, og ein litt tjukkare enn andre. Litt betre forklarande bilde kjem.)


-Hjerleid er ein ypperleg plass for folk som er interessert i handverk. Dei har kurs i blant anna lafting, verktøysliping, treskjæring og møbelsnekring. Personalet på skolen og folk i (nær)miljøet ellers er drivande dyktige og engasjerte sjeler. Alle er flotte og positive folk som brenn for kulturarven og handverket. Eg, og alle eg snakka med der oppe, vart veldig godt tatt imot på Hjerleid. Alt var på stell, og vel så det.
Eg vil anbefale alle å ta ei helg eller ei veke eller meir på senteret deira.