Viser innlegg med etiketten sløyd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sløyd. Vis alle innlegg

fredag 1. desember 2017

Turkoppar til ei kvar anledning

Det var på tide å ta eit steg vidare frå å spikke skeier. Folk treng jo turkopp!

Det er tungt arbeid å gjøre for hand, men givande er det. Eg har brukt sag til å kutte stokken opp i nokonlunde handterlige bitar, ellers er alt gjort med øks og kniv.

Eg valgte å bruke gråor som oksiderar i møte med luft. Då blir det ein flott, varm oransjfarge.












Bilder av dei ferdige koppane kjem. Må huske at det snart er jul, og enkelte av koppane er tenkt å være julegåver, så kan ikkje leggje ut bilder enno.







torsdag 8. juni 2017

Ny modell av spiseskei i epletre


Det var brått leeenge sida eg fekk spikka ei spiseskei, på grunn av ja, greier. Baby og sånt. 😁
Men satsar på å være igang igjen no. Eg har store mengdar emner liggande på vent ute på tunet, så arbeid er det nok av. Tid derimot..... Det blir nok ei råd med det òg. Ein ettermiddag her og ein morning der. Det vikitigaste er å kose seg.

Slik spikker eg oftast skeier heime.








Bildet eg posta på Instagram








onsdag 31. mai 2017

Bjørgvin Marknad

Kommande helg på Hordamuseet!


No til helga er det dags for marknad på Hordamuseet på Stend igjen. Den årlege viking- og middelaldermarknaden arrangert av ildsjeler i miljøet har noko å få med seg for heile familien. Der er vikingar frå store delar av europa, mest skandinavia, som kjem for å selge varene sine, utøve handverk, slåss eller bare slappe av rundt eit bål med likesinna. 
Av publikumsaktivitetar fristast det med blant anna vikingmat, bueskyting, lære å slåss på vikingvis, møte ein vikingsmed, høre på runeforedrag og ridng på islandshest. 
  
Om du er i området eller vurderar å være i området anbefalast dette arrangementet. Her er lenke til Bjørgvin Marknad sine sider, men oversikt og vegbeskriving. 


Vi i Bjørgvin Handverkslag vil være på plass og demonstrere ei rekke handverk; vi har plantefarging, skomaker, buemaker, brikkevev, hornskeier, syarbeid, smed og trearbeid. I tillegg til salg av diverse handlaga produkt. 
Vi vil ha vår lille sone der vi vil ha bål og demonstrering, samt salgsbod. Kom gjerne innom for ein prat!

Eg har ikkje veldig mange bilder å leggje ut her no, men legg ved dette som er ein liten del av vår førebuing. Vi skal jo lage maaaaaat!



Eg tok veldig få bilder (atter ein gang), men her er eit eg syns blei bra. Beskriving på Instagram.




torsdag 9. mars 2017

Salatbestikk i selje

Laga for ein verdsatt kunde.

Eg fekk bestilling på eit sett med salatbestikk i tre for litt sida, og no var tida komen til å ta fatt på oppdraget. Eg har ein god del selje liggande utomhus, klart for nesten kva det skal være, i tillegg til bjørk og bøk. Noko av det fine med selje er den flotte fargen (oransjrosa) på kjerneveden som står i fin kontrast til lys, nesten bjørkekvit ytterved.

Det er mange veiar til Rom, men her ser du korleis eg gjer det i 6 enkle steg.

1. splitt 

2. hogg til skaftet
3. ta ned tuppen på skåla

4. skjær til skåla og hul ut med skeikniv/hoggjern

5. lag ein lik


...bare motsatt

6. få nokon til å rydde opp



torsdag 9. februar 2017

Øksing og spikking av skeier på heimetunet

Spalta bjørk og hassel

No når det er -5 til -10 grader her på vestlandet er det ypeprlig å stå ute og jobbe med øks og kniv. No i helga var det heilt ypperlige spikkeforhold på tunet, kun avbrutt av litt dyreliv og ein ukjent fugl som laga horribelt løyen lyd. 
Eg fekk øksa til to skeier på relativt kort tid den her dagen, ei i hassel og ei i spalta / surna bjørk.
Uansett. Veldig stas!

Utsikt (m/bråkete svanar)

Arbeidsplassen

Påbegynt lang skei i hassel. Den var sprekk i, og blei til ved.

Her gir eg meg med øks og går over til kniv.

Utsikta si som har vaska seg.
Fleire Hausdalsskeier vil bli spikka her! 

onsdag 14. desember 2016

Gåvesett for kunde, smørekniv og skei x2


Eg fekk bestilling på eit gåvesett og sa sjølvsagt at klart det kan gjerast. Veldig kjekt å lage ting på bestilling.
Smøreknivane er av bjørk og skeiene er i selje. Veldig kjekt sløydarbeid, og enormt kjekt med bestillingjobb.


Knivane er ferdig olja.
Begynt utskjæring på eine skeia.
Ferdig med utskjæring, kun finpuss att.


Før og etter linolje (og Instagram-filter).

Surra dei ihop med senetråd. Innafor det, vel.

Produktet er levert til kunde. Mykje glede og slik tyder på at kunden vart nøgd. Og då er EG nøgd.
Hipp hurra. Og sånt. 😏












onsdag 12. oktober 2016

Ei bjørkeskei, med litt slik pene former

Ein må jo ta i bruk det ein har tilgjengeleg, så no har eg no hatt den her bjørkebiten liggjande ute sidan Hansadagane i Bergen, og tenkte at no kan være eit godt tidspunkt for å spikke litt på den.
Det viste seg at den godt kunne ha lagt lengre, men eg fekk no fram noko av fargeforskjellen som kjem ved surning.


Neste skei med den her forma skal ha litt nedoverbøy på skaftet




Eg skulle gjerne sett meir fargeforskjell og liv i treet, men no er ikkje skeia olja enno, så kanskje det dukker opp etter den er ferdig tørka og olja. Vi venter spent.

Og FORRESTEN! Neste innlegg er nummer 100, og det skal feirast. Legg igjen ein kommentar på NESTE INNLEGG og vær med i trekninga på ein Give Away! På norsk betyr det at EIN heldig person Loddtrekning frå hatt) får ein ting. Ein ting som eg har laga. Som blir vist i neste innlegg.



tirsdag 22. mars 2016

Spikking av treskeier


Lenge sida innlegg no, så eg får høyre på dykk som lurar på kva eg gjer på for tida..

Eg har begynt å spikke skeier. Gangen i det er ganske enkel: kubbe- øks - blyant - kniv - skeikniv = ferdig skei.

Eg lagar ikkje eit innlegg for kvar skei no, det blir for mykje for meg å gidde. Så eg gjør som følgjer; alle dei 4 første skeiene i det her innlegget. *nikkar nøgd*

OK, nummer 1 øvst og så stigande rekkefølge.




Her er nr 2:


Nr 3:





Nr 4:



Så langt har eg komt til no. Etter kvart blir det fleire skeier og forhåpentlig blir det reinare linjer og nærmare det eg ser føre meg.
ok, det var det for denne gang. God påske og hadet på badet!