onsdag 22. oktober 2014

Garving av skinn (hjort).

No er hjortejakta snart over, og vi har ein frysar full av hjorteskinn.
Desse krever litt behandling før dei kan nyttast til noko som helst, og eg begynte så smått på eine skinnet for to veker sidan.


-Trinn ein er å skrape vekk så mykje som mogleg av kjøttsida. Her kjem jobbmengda sjølvsagt an på kor god jobb han/ho gjorde som flådde dyret.

-Trinn to er å leggje skinnet i lut (her kan både oskelut og kjemisk lut brukast). Skinnet skal dekkast heilt av blandinga, og helst "rørast i" to gonger for dagen i mellom 3-7 dagar. Luten gjer at talg og kjøt (på kjøttsida) og håra og epidermis på pels-sida blir lettare å skrape vekk. Skinnet er klart til skraping når ein kan nappe av ein bunt hår utan å ta nevneverdig i.

-Trinn tre er siste del i hårfjerningsprosessen. Her skal begge sider skrapast reine for alt som ikkje er hud/skinn. Dvs talg, fett, hinner, hår, epidermis...

Her skrapast kjøttsida.

Enkel måte å "låse" skinnet for skraping.

Kar med lut (og avskrapa kjøt/talg).

Lite bilde av sjølvsmidd skrapekniv/jern i aksjon.

Hårsida skrapast.

Er ikkje ferdig før vi har rydda opp, si.

Per no ligg skinnet, ferdig skrapa, i frysaren. Neste prosess er å fette skinnet. Viss det er lov å si.
Her trengs hjernemasse. Gjerne masse. Om nokon har til overs er det bare å gje ein lyd.
Bilder kjem som vanleg sånn rett før du minst ventar det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!