Viser innlegg med etiketten beer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten beer. Vis alle innlegg

torsdag 13. oktober 2016

INNLEGG #100! Smidd brus/øl-åpner


Første Give Away! 



(Dette er innlegg nr 100 av alle eg har laga, dvs eg har eit par utkast som ikkje er publisert enno, men det får no være.)


Slik blei ein tirsdag i smia brukt, og no er det på tide å vise litt takksemd til dykk som spør oppriktig interesserte spørsmål om kva eg lagar for tida og korleis det går. Så ein av desse går ut til ein superduper-ultraheldig vinner.


Åpnaren er testa og godkjent av eit særs kritisk testpanel beståande av undertegnande og svigerbror.
Det å åpne eigenprodusert øl med eigenprodusert åpner.... #denkjensla .

OK! Vi må ha nokre reglar!

-Skriv ein trivelig kommentar (eller bare 'ja takk') nedst på sida her og du er med i trekninga
-Det blir trekt EIN vinnar av ein slik åpner
-Vinnaren blir trekt 1.november
-Sender kun til Norge for denne Give Away'en
-Det blir god gammaldags loddtrekning frå hatt, så ikkje noko sånn ''nr 54 får premien''-greier.
-Hugs å oppgje mailadresse slik at ein kan få tak i kor pakken skal sendast!
-Vinner blir annonsert her og kontakta 1.nov.


Lykke til!

Då har vi trukke ein vinnar frå flosshatten! 
Gratulerar Eddie Jacobseeeeeeen! 


onsdag 30. september 2015

Ølbrygging 26.09.15, hvetevariant

Bryggelaurdag.


På laurdag var det avtalt brygging på museet. Ein liten gjeng med ei oppskrift frå Olav og eit felles mål møtte opp.

Opplett, sol, lite vind, yr og regn - været kort oppsummert.

Vi oppheld oss for det meste under tak, så været affiserer oss ikkje alt for mykje med mindre det bles stiv kuling eller meir. Vi startar med å leggje ut murstein til å ha bålet på, slik at skiferhellene ikkje skal sprekke. Vi heng opp gryta, startar bål og fyller vatn i gryta. Kaffi, frokost, slarving, spikking, kaffi, mat. Reingjer gjæringskar og gjer klart i meskekaret. Kaffi.


NETT høveleg start på dagen. 

Espen fyller meskekaret med korn.

Under rista er det einerlåg/ brake.

Til info og evt ettertanke.

Perlehumle hivast i først for å setje smak, og så standard humling.

Oppvarming av vatn til mesking.

Vi sper på med vatn i meskekaret for å halde riktig temp. 

Heitt og godt på ein fin haustdag.

Vørter tappast.

Oppskrifta sa 'appelsinskal'. Jepp.

Oppkok av vørter før humling.

Ca 85 grader C.
Her er humle tilsatt saman med lett knust koriander og raspa appelsinskal, og skal rullekoke i 90 minutt.

Ca 100 grader C. 
Etter koking er det standard avkjøling og så å få brygget over i gjæringskar og tilsetje gjærkultur.
OG= 1050.

Gjæringskaret mitt står no på kjøkkenet og held jent 20 grader C. Det bluppar og kosar seg nedi der, så det er bare velstand.



mandag 9. juni 2014

Brygging av Indian Pale Ale, Batch #2

Stikkord: Supert vær, god stemning.

Søndag 08.06 var vi ein liten gjeng som hadde avtalt brygging av "Sommar-IPA". 
Vi kom litt seint igang, men det gjekk forsåvidt greit. Enkelte bilder her er beskrivande nok, men for min eigen del vil eg skrive litt her og der. Beer with me. 

Første førebuing unnagjort.
Oppkok av vatn til mesking
Einerlóg i botn, etter gammal radisjon.
Rista er på plass, vatn fyllast opp til ca 10 cm over rista.
Stein passar på at temperaturen ikkje er over 80 grader C.
Malta bygg hellast oppi meskekaret.
Vatn og korn. Blandast godt. 66 grader ifølge vår oppskrift.
Tapping av vørter og koking av meir vatn til mesking
Vørteren kokast opp. 
Restar frå mesking,
Ferdig brygg, her til avkjøling etter 3 rundar med humle.

Vel heime att (ca kl 2100) tilsat eg gjær i dunkane, sat på gjærlås og stua dei under trappa. Der skal dei stå no i omlag 2 veker (til dei har bluppa seg ferdig). Deretter blir det sukkerlake og flasking. Brått klar for sommar!

Oppdatering: onsdag 11.06.:
-Bluppinga har avtatt noko, men framleis stødige lydar frå begge gjæringskar.