Viser innlegg med etiketten thing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten thing. Vis alle innlegg

fredag 1. januar 2016

Sydd skinnting til pipe og pipetobakk

TOBAKKSPUNG:

Eg hadde litt elgskinn til overs frå då eg laga pilkoggeret mitt, og no fann eg nett ut kva eg skal bruke eine stykket til. Pipa mi treng ein plass å bu, pipetobakken får være ein plass der eg faktisk finn han att og så får eg plass til ein liten, 50-kroners lommekniv. Stas!

Lintråd, salmakersting og elgskinn





Jada, men kva heiter den her?
Forslag mottas gjerne.

Tobakkspung, naturleg nok, (takk til Liv Heidi) eller tobacco pouch på engelskt.


fredag 18. desember 2015

Knaggar i jern


Ohoi!

Lenge sidan sist! Kor det går der ute i verda?
Folk har spurt litt om kvifor eg ikkje har laga nye innlegg på ei stund, og svaret er vel strengt tatt mangefasettert. Eller kva det heiter.
Her er nokre av grunnane:

4 samojedkvalpar


Langbogeleiking


Langboge-/pinnespikking



Men men, but but. Her er eit par bilder av ting eg har smidd i det siste. Det er ikkje alt eg har vore flink å huske å ta bilde av, for å seie det mildt; knaggrekker og spiker og knivar og så vidare har gått i gløymebokji.
Men dette er frå sist mandag:
























søndag 6. september 2015

Seglspøte til gammal, gammal trebåt


Det ligg nokre gamle trebåtar i nausta på Hordamuseet. Dei har eit eige lag av entusiastar som driv vedlikehold og tar båtane ut sånn dann og vann. Dei tok kontakt og lurte på om eg kunne smi ein sånn ting som gjorde sånn og sånn. Det kan eg vel, sa eg. Og sånn blei det:


Enkel og grei sak. Artig lite prosjekt.



tirsdag 11. august 2015

Ungen smir gave/premie til frk.Dahl


Etter ei flott helg men vikingmarknad på Lygra, bestemte ungen at vi skulle jammen meg smi ein ting til frk. Dahl og dermed basta. Sånn var det og sånn blei det. Og det er klart at eg som far aldri kjem til å nekte ungen å smi om ho vil det. Som seg hør og bør. Veldig stas!


Allereie tatt i bruk (+ blåbærhand)
Oppdatering:

Arbeidstegning. Jepp!





fredag 10. april 2015

Eineståande i sitt slag!

Eg har smidd ein ting! For første gang blei det ein ting og ikkje eit verktøy eller ein bruksting. Eg tror det er ein pynt. Eller noko sånt. Uvisst. Forslag mottas gjerne.