Viser innlegg med etiketten wooden. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten wooden. Vis alle innlegg

fredag 1. desember 2017

Turkoppar til ei kvar anledning

Det var på tide å ta eit steg vidare frå å spikke skeier. Folk treng jo turkopp!

Det er tungt arbeid å gjøre for hand, men givande er det. Eg har brukt sag til å kutte stokken opp i nokonlunde handterlige bitar, ellers er alt gjort med øks og kniv.

Eg valgte å bruke gråor som oksiderar i møte med luft. Då blir det ein flott, varm oransjfarge.












Bilder av dei ferdige koppane kjem. Må huske at det snart er jul, og enkelte av koppane er tenkt å være julegåver, så kan ikkje leggje ut bilder enno.







torsdag 8. juni 2017

Ny modell av spiseskei i epletre


Det var brått leeenge sida eg fekk spikka ei spiseskei, på grunn av ja, greier. Baby og sånt. 😁
Men satsar på å være igang igjen no. Eg har store mengdar emner liggande på vent ute på tunet, så arbeid er det nok av. Tid derimot..... Det blir nok ei råd med det òg. Ein ettermiddag her og ein morning der. Det vikitigaste er å kose seg.

Slik spikker eg oftast skeier heime.








Bildet eg posta på Instagram








onsdag 14. desember 2016

Gåvesett for kunde, smørekniv og skei x2


Eg fekk bestilling på eit gåvesett og sa sjølvsagt at klart det kan gjerast. Veldig kjekt å lage ting på bestilling.
Smøreknivane er av bjørk og skeiene er i selje. Veldig kjekt sløydarbeid, og enormt kjekt med bestillingjobb.


Knivane er ferdig olja.
Begynt utskjæring på eine skeia.
Ferdig med utskjæring, kun finpuss att.


Før og etter linolje (og Instagram-filter).

Surra dei ihop med senetråd. Innafor det, vel.

Produktet er levert til kunde. Mykje glede og slik tyder på at kunden vart nøgd. Og då er EG nøgd.
Hipp hurra. Og sånt. 😏












onsdag 12. oktober 2016

Ei bjørkeskei, med litt slik pene former

Ein må jo ta i bruk det ein har tilgjengeleg, så no har eg no hatt den her bjørkebiten liggjande ute sidan Hansadagane i Bergen, og tenkte at no kan være eit godt tidspunkt for å spikke litt på den.
Det viste seg at den godt kunne ha lagt lengre, men eg fekk no fram noko av fargeforskjellen som kjem ved surning.


Neste skei med den her forma skal ha litt nedoverbøy på skaftet




Eg skulle gjerne sett meir fargeforskjell og liv i treet, men no er ikkje skeia olja enno, så kanskje det dukker opp etter den er ferdig tørka og olja. Vi venter spent.

Og FORRESTEN! Neste innlegg er nummer 100, og det skal feirast. Legg igjen ein kommentar på NESTE INNLEGG og vær med i trekninga på ein Give Away! På norsk betyr det at EIN heldig person Loddtrekning frå hatt) får ein ting. Ein ting som eg har laga. Som blir vist i neste innlegg.



Eksperimentering med former på spiseskei


Eg bestemte meg for å prøve korleis hassel ville fungere til skeier (fordi eg hadde litt igjen frå eit tidlegare prosjekt). Det viste seg å sjå knallbra ut, sidan der er veldig definert og mørk kjerneved i treet. Slike blir det fleire av!



Nr 1 i hassel








Nr 2 i hassel



1 til høgre, 2 til venstre











torsdag 29. september 2016

Skaft til vestlandsk øks



Eg kjøpte eit Øyo øksehovud for ein billeg penge på ein bruktbutikk for ei tid sidan. Og så har eg no litt aske-emner liggande til tørk, som sikkert dei fleste har. Eg fann eit som virka lovande og spikka i vei. Eg spikka og spikka og spikka og så pussa eg litt før eg saga plass til kilen. Og så laga eg ein kile av eik, dunka på plass skaftet i økseauget og smalt i kilen. Skaftet blei grundig olja med linolje. Og brått hadde eg ei nygammal, godt balansert allbruksøks. Hurra!