Viser innlegg med etiketten viking market. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten viking market. Vis alle innlegg

onsdag 24. juni 2015

Harfrsfjordkaupangen 2015




Handverkslaget blei invitert til å blestre (jernframstilling) på kaupangen til Harfsfjordvikingane helga 12.-14. juni, og vi var ein liten delegasjon som reiste ned (Paul Rune, Jørn og eg). 3 stk er i utgangspunktet eit greit antall for eit slikt prosjekt. (Vi blei beæra med hjelp frå Jernaldergarden på søndagen (blestredagen), og det vart godt mottatt.)

Fredag gjekk med på å setje opp telt, etablere leir og planlegging av resten av helga. Vi fekk plass utafor sjølve marknaden og fekk sånn sett ikkje være med i det gode selskap, utan at nokon av oss heilt visst kva vi hadde gjort gale for å fortjene det. (Eg tar på meg skylda, som vanlig.) Men heilt alvorlig var det litt OK. Vi fekk arbeidsrom, ein fin plass å sove, i tillegg til at det blei ein liten "friplass" for vikingar som var kjørt i skallen av inntrykka inne på sjølve marknaden.




...og sjølvsagt reparere litt småting frå  Bjørgvin Marknad forrige helg. Eg har innsett at å sy heile plagg ikkje er mi greie, men å fikse på tinga er temmelig OK. Spes når ein sit i sola med øl og bål.







Etter at Paul og Jørn hadde landa var det på tide med mat, bål og meir øl. Ekstremt trivelig, og før vi visste ordet av det var vi over 20 stk rundt bålet. Det var for det meste himla trivelige folk frå Nordhordland Frie Vikinger, men og ei folkemusikk-gruppe frå Litauen. Vi koste oss glugg ihjel, og eg skåla i mitt stille og enkle sinn for dei i Handverkslaget som ville være med, men ikkje fekk det til. (Spesielt Stein.)



Lørdag var røstedagen.
Eg grov opp ca ein kvadratmeter av marka, sånn at der var plass til stålplata vi har røstebålet på, og så blei pagodebål satt opp og myrmalm klatta på. Dette er ein naudsynt prosess for å tørke malmen og brenne ut ureinheter. Resultatet blir oftast mørk raud, magnetisk sand. Magnetisk fordi det er mykje jern i den.


Ferdig, nedbrent røstebål. Foto: P.R.Bakke


Bålet brann heile lørdagen, og vi fortsatte å fyre på kvelden. Som seg hør og bør. Vi hadde ikkje eingong fått i oss øl nummer to før det ramla inn med tidlegare nevnt himla trivelige folk.

Lørdag fekk eg litt tid til å sjå meg litt rundt og hilse på folk eg har møtt før, og eit par eg har hørt om, men ikkje fått tid eller anledning til å hilse på. Fekk kjøpt meg 6 terningar i bein (monstertøffe), såpe av oksefett og gran (luktar skævv) og hengelås til smedkista mi. Hengelåsen er basert på Birka-funnet, om eg ikkje tar heilt feil.


Oksefett og gran-såpe 






Søndag var den store blestredagen. Vi fekk som nevnt tidlegare hjelp frå tre flotte folk frå Jernaldergarden på Madla. så det heile gjekk stort sett som ein draum. Eg fekk tilogmed tid til å få litt sårt trengt massasje og ein liten powernap utafor teltet sammen med bikkja. Veldig greit.

Vi varma opp ovnen frå kl 10:00 og hadde første ilegg malm ca 11:00.
900 gram malm og 1 kg kòl - 10 ilegg malm = 9 kg. Se der, du slapp å regne i hodet for eg har tatt det på kalkulator og dobbelsjekka.
Vi åpna luka på blesteret ca kl 15:30, og komprimerte med trestokk og stubbe. Resultat: 700 gram jern! Vi er nøgde, då 10% av ilagt vekt blir resultat er særs innafor.

Bilder frå blestring er tatt av Paul Rune, evt med hans kamera.


Paul pumper jern
Jørn og folk frå Jernaldergarden i fri utfolding

Rimtussa er alltid med.






Søndagens produksjon














tirsdag 9. juni 2015

Bjørgvin Marknad 2015


Bjørgvin Marknad er tradisjonen tro avholdt på Hordamuseet, med mykje liv og leven for store og små barn. Vi i Handverkslaget laga eiga lita leir der vi viste fram handverksteknikkar frå vikingtid og middelalder og hadde litt varer til salgs. Til dømes tidsriktige skinnsko, luer, brikkeband, og diverse nålebundne plagg.
Eg stod i smia og koste meg. Formidling i fokus, så produksjon måtte vike ein del. Men det er heilt greit når publikum er interessert og spør vetuge spørsmål, som dei gjorde no i helga. (Eks: 5 år gammal sjenert jente: "Har du kjæreste?" Og 2 min seinare, etter at eg hamra bittelitt til: "Ka hetar du? Er du fattig?".)
Mora rødma litt og dei trekk seg rolig og relativt kontrollert ut av smia.

Bilde av leir/område før marknad





Eg vil forresten sende ein stor takk til Bjørn og Stig som passa på at eg fekk i meg væske medan eg sto i smia. Eg glømma bl.a. å drikke og ete når eg ikkje har faste tidspunkt å forholde meg til når eg smir, ser du.
Og mange takk til Bjørn igjen for kjempeoverrasking midt i smisession med publikum på alle kantar. Blei monsterglad.

Ellers gjekk helga ut på å prøve å få i seg mest mulig mat og drikke. (Eg skal ikkje skryte på meg at eg er flink å huske på sånt.) Som sagt hadde Handverkslaget eiga leir, og dette var enormt triveleg. Vi laga mat, hadde bålkos og god stemning. Ein ekstra takk til alle som kom innom og satt med oss. Eg har nevnt det før, men kan si det igjen; eg er dååååårlig på å dra fram mobilen for å ta bilder. Men eg legg ut det eg har, og vil leggje ut litt på dette innlegget etter kvart som eg får tak i fleire bilder som er aktuelle.







Som sagt var ikkje produksjon i fokus, men litt blei no gjort likavel:

-Fredag: 2 gaflar til Annhja + kappenål og litt arbeid på jernaldersverdet.

-Laurdag: verktøy til Ole Mikal som laga glassperler, litt småting som brosjenåler og spiker.

-Søndag: Ferdigstilling av x antall kappenåler og brosjer og eit par hengslar til kiste.








mandag 23. mars 2015

Enkle nøklehankar i jern

Enkelt og greit for dei som ikkje vil ha noko voldsomme greier, men som gjerne vil ha noko som er handsmidd på gamlemåten. Skal lage eit par varianter av desse, så det blir litt utvalg.

Eg hadde med Bjørn idag igjen, så han fekk jobben med å dokumentere framgangsmåten.  Omtrent sånn gjekk det for seg:


Jevnt avsmalande spiss

Begynn å rulle inn spissen



Flat og jevn

Lag "auge"

Svartbrenn med linolje

Eg vrei litt på midten for ekstra pynt

Alle bilder utanom siste er tatt av Bjørn J. 

søndag 1. juni 2014

Bjørgvin Marknad 2014

Då er BM over for i år, og alle er godt nøgd med marknaden. 20 grader, om ikkje meir, sval vind og god stemning.
Eg stod i smia stort sett heile tida så lenge der var publikum, så det med været har eg bare blitt fortalt. Omtrent heilt sant. Det var iallefall intenst varmt å stå og smi dei her dagane.
I tillegg til dei avbilda tinga her smidde eg eit spikerlo, to torshamrar, ein skrapekniv, ein s-krok, ein pilspiss og ordna nokre teltpluggar.

Her er bilder av eit par av tinga eg laga:


Kniven er herda og anløpt, slire skal syast.
Desse knivane er meint som enkle bordknivar, og skal filast og herdast.
Litt uvanleg form på bladet, men med surring av skinnsnor på skaftet blir det bra.