mandag 15. juli 2013

Besøk i smia = skikkeleg dokumentering


Sommar og besøk er stas. Jonas ville gjerne bli med ein tur i smia, og prøve seg litt sjølv... Det er sjølvsagt meir enn greit for meg.

Eg har tidlegare laga eit par torshamrar, og har funne ut at det er ei god begynnarøving. Eg satsar på å få dokumentert framgangsmåte på korleis eg hamrar dei til no, i det her innlegget.
Kanskje, om vi får tid, kan eg hamre ei eldrake eller ei kappenål eller noko slikt. Vi får sjå.

Uansett: dette har potensiale til å bli eit godt innlegg med tanke på dokumentering av smia og framgangsmåte. Kan for ein gongs skyld muligens bli eit innlegg verd å sjå/lese for andre enn meg.

____________________


OK, då har dagen kome og gått, og Jonas har reist heim igjen. Vi hadde litt tid til overs på mandagskvelden, og bestemte oss for å ta ein session i smia.  Stas så det held.

Jonas tok med seg kamera og filma i vei, og vi smei/smidde litt. Vel heime redigerte han til ei skisse (som eg meiner ser langt beire ut enn noko skisse).
Skal laste den opp no.


Tulla.
Det gjekk ikkje. Skal prøve igjen.

Det visar seg at fila foreløpig er for stor. Vi tar tida til hjelp.
planen no er å få lagt den ut på den såkalla youtube, og heller leggje ut ein link. Kryss fingrane og alt anna som kryssast kan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!