onsdag 30. september 2015

Ølbrygging 26.09.15, hvetevariant

Bryggelaurdag.


På laurdag var det avtalt brygging på museet. Ein liten gjeng med ei oppskrift frå Olav og eit felles mål møtte opp.

Opplett, sol, lite vind, yr og regn - været kort oppsummert.

Vi oppheld oss for det meste under tak, så været affiserer oss ikkje alt for mykje med mindre det bles stiv kuling eller meir. Vi startar med å leggje ut murstein til å ha bålet på, slik at skiferhellene ikkje skal sprekke. Vi heng opp gryta, startar bål og fyller vatn i gryta. Kaffi, frokost, slarving, spikking, kaffi, mat. Reingjer gjæringskar og gjer klart i meskekaret. Kaffi.


NETT høveleg start på dagen. 

Espen fyller meskekaret med korn.

Under rista er det einerlåg/ brake.

Til info og evt ettertanke.

Perlehumle hivast i først for å setje smak, og så standard humling.

Oppvarming av vatn til mesking.

Vi sper på med vatn i meskekaret for å halde riktig temp. 

Heitt og godt på ein fin haustdag.

Vørter tappast.

Oppskrifta sa 'appelsinskal'. Jepp.

Oppkok av vørter før humling.

Ca 85 grader C.
Her er humle tilsatt saman med lett knust koriander og raspa appelsinskal, og skal rullekoke i 90 minutt.

Ca 100 grader C. 
Etter koking er det standard avkjøling og så å få brygget over i gjæringskar og tilsetje gjærkultur.
OG= 1050.

Gjæringskaret mitt står no på kjøkkenet og held jent 20 grader C. Det bluppar og kosar seg nedi der, så det er bare velstand.



søndag 6. september 2015

Seglspøte til gammal, gammal trebåt


Det ligg nokre gamle trebåtar i nausta på Hordamuseet. Dei har eit eige lag av entusiastar som driv vedlikehold og tar båtane ut sånn dann og vann. Dei tok kontakt og lurte på om eg kunne smi ein sånn ting som gjorde sånn og sånn. Det kan eg vel, sa eg. Og sånn blei det:


Enkel og grei sak. Artig lite prosjekt.



tirsdag 1. september 2015

Spydspiss til kampspyd


Folk treng staffasje. Eg gir folket staffasje som tålar å bli brukt. Harde ting som kan herjast med og gjerne kastast rundt. SMILEFJES. Verbale smilefjes er dei beste.

Ser fram til å denge rundt og kose meg med spyd!
Skal lage fleire av desse, i litt diverse storleikar. Så om du treng/vil ha spyd kan du gi meg ein lyd. Kven treng ikkje eit spyd, lizm?







Eg har ein askestokk og ein hasselstokk liggande til tørk, og har ikkje bestemt meg for kva som bli kva. Ein blir bue og ein blir spyd. Hurra!