onsdag 20. august 2014

Handverkslaget på Bergenhusdagane

Handverkslaget har tatt på seg å drive litt underhaldning under viking og middelaldermarknad/festival. Vi vil vise artilleriskyting med bue samt historiske pilspissar sin effekt på div beskyttelse.

Til artilleriskytinga har vi no ferdigstilt 100 piler. Dei skal lakkast neste tirsdag (02.09.), og så er dei "good to go".

Storstilt produskjon. Her limast fjær på pilskafta.

Ein liten del av ferdige piler.

Første prøveskyting. 75 meter.


Her er ein link til ein "Facebook-teaser" som Stein i Handverkslaget har laga. Kos dykk.

___________________________

Trebuchet:
I fjor bygde Bjørgvin Handverkslag trebuchet'en Magnus for å syne fram beleiringsteknikkar frå rundt 11-1200-tallet. Denne typen kastemaskin er laga for å kaste prosjektil som stein, jernkuler (og hodekål, mest sannsynleg som ein type tidleg nødhjelp i perioder med mykje hungersnød og pest... eller ikkje) over murane til motparten. Andre maskiner vart brukt når det var snakk om å knuse murane rundt ei borg eller ein by. No i helga, under Bergenhusdagane, kasta vi 20 hodekål 75-80 meter utover Koengen. Hadde vi vore 8 mannfolk til å trekke, i tillegg til å lade med nokre halvkilos jernkuler, ville vi kunne gjere det bra utriveleg i hin enden, og kasta prosjektila mykje lenger.

Den legendariske kastemaskina 'MAGNUS'.

MAGNUS, degradert til langbuestativ.

Artilleriskyting:
Etter 4-5 kast med Magnus, med litt hjelp frå små og store hjelpevillige frå publikum, stilte vi opp ei linje med 8 langbueskyttarar. Vi fyrte av garde 5 seriar med kommandoane: PIL - TREKK - HOLD - SLIPP, for så å skyte fritt "så langt lageret rakk". Vi skaut då på samme avstand som med Magnus. Markørar var sett ut til formålet, og målet var å ha ei stor samling piler rundt markøren på 76 meter.

Eg har diverre ingen bilder av skyttarlinja, då eg var med i den sjølv. Mogleg eg får tak i dette om litt.
Her er link til Lena (Fortidsfamilien) sin Youtube-kanal, der du kan finne små klipp frå helga: Trykk her.


Vi har i alle fall fått gode tilbakemeldinger på underhaldninga, både frå publikum og arrangør.

Gode ting!









tirsdag 19. august 2014

Handtak til smed-kiste

Hengslar har eg smidd tidligare, no treng eg kun handtak på sidene. Desse smidde eg idag.
Dei ser nøyaktig slik ut:







søndag 17. august 2014

Gåve til Sophia. Oppdatert.

Denne er laga på bestilling, på ein måte.
"På ein måte" -fordi den er eit resultat av behov framfor ønske.

Det skal seiast/skrivast at denne vart hamra til liv no i sommar, når det var +40 ute i sola. Kor mange grader det var inne i smia tør eg ikkje tippe på, men det gjekk med 2 liter vatn dei timane eg var der. Etter det bestemte eg meg for å vente til været var utholdeleg ute, før eg i det heile tatt skulle vurdere å hamre noko meir.
Uansett: kvar millimeter her har eg hamra på.
Bilder kjem når gåva er overrekt.





lørdag 16. august 2014

Nagler/spiker/søm


Sommarferien er no over, og sidan det har vore så usannsynleg heitt i juni og juli har eg stort sett holdt meg unna smia (med unntak av 5-6 timar ein dag i begynnelsen av juli).

Under BM (Bjørgvin Marknad) i år smidde eg meg eit spikerlo (bilde kjem om eg hugsar det), men har ikkje hatt/tatt tid til å øve på å bruke det før no (torsdag som var).
Det tok eit par (12) forsøk før eg vart nøgd med resultatet, men føler no det som gjenstår er å få ei uniform lengde på dei, og evt litt venare og beinare.

Mogleg eg legg ut serie av framgangsmåte seinare, om eg får med meg ein som kan ta bilder undervegs.
Slik såg det i alle fall ut:

Dei 3 første forsøka


Dagens "produksjon". Kun dei 4 til venstre er eg nøgd med.

Nye hammaren + plukketanga mi.

Spiker-lo. Enkelt og greit.