tirsdag 21. juli 2015

Bursdagsgåve til frøken Dahl.

Det er rart det der med behov. Spesielt behov ein ikkje er heilt klar over ein har.

Eg fann eit sånt for ikkje lenge sida, og det er ekstra stas å tenke ut enkle løysinger for slike behov. Igjen, spesielt når ein kan smi ei løysing.

Her er bilder av prototyp og eigen design. Slike blir det fleire av, då eg allereie har fått bestillinger. Hepp!

Ja, se DER, du.

Ha! Perfekt til å henge på dusjkabinettet!





mandag 13. juli 2015

Konkurransepiler til han sjøl

Som alle veit er eg med i Bjørgvin Bogelag, og skyt med veldig ujamne mellomrom.
Men eg skyt no... sånn ok-isj.

Og no har eg endeleg tatt meg tid til å lage piler som kun skal brukast til konkurranse, jakt og krig. Høhø.
Treningspiler har eg nok av.

Har pussa ned for plass til nock-surring 



Lintråd til surring 

Messingspissar 5/12


Sånn!

onsdag 1. juli 2015

Bestilling: 2 sett hengslar til kister

Espen treng jernhengslar til kister, og eg tar sjølvsagt på meg oppdraget. Hengslar er kjekt å hamre fram/ut/til, må vite. Det er funnen fleire typer hengslar frå jernalder, og eg har sett eit par variantar, men eg liker å ha fritt spillerom til å lage ting slik eg vil. Og spesielt kjekt er det å pønske ut ei løysing som fungerar som den skal og ser bra ut.

Her er nokre bilder av skapelsen.
Det som gjenstår er å dore hòl til nagler, og svartbrenne rubbel og bit. Hepp!





I tillegg skal eg lage låsbeslag i samme stil. Bilde kjem.