tirsdag 23. juli 2013

Kappespenne.





Ja, det var på tide å prøve seg på noko nytt.
Ei lita kappespenne/brosje får ein sikkert bruk for, tenkte eg, og lot det stå til.




Eit passande stykke mjukt stål.

Eine enden varmast godt opp og hamrast til ein flat spiss. Lett konisk i bredda.

Hamre til ein snurr. (Ein kan nok med fordel bruke ei lita tang, men per no har eg ikkje det.

Snurr i begge endar, oppvarming av midten, til slutt bøyast den til.
Då er sjølve spenna ferdig, og nåla gjenstår.  Eg hadde nok til denne i samme type stål og tjuknad, så då var det berre å kjøre på.



Varma opp tuppen og hamra den spiss.


Oppvarming og kapping, samt hamra enden til ein flat spiss og bøygde enden til ein U.

Nåla ferdig kappa.

Då var det berre å feste dei to stykka og behandle kreasjonen med linolje for ønska finish.



Ferdig og godt nøgd.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!