No har det blitt tradisjon.
Eit knippe eldsjeler frå Bjørgvin Handverkslag, meg sjølv inkludert, held blestringskurs og smidag for arkeologistudentar ved Universitetet i Bergen. Ein kjekk og intens dag for alle involverte.
Vi byrja dagen kl 0800 med å fyre opp smia og setje opp blesterovnen; grave hòl til slagg, lage fundament for ovn, få ovn på plass, flikke litt på småsprekker, feste belgplata (som Stein laga i gooood tid før) og setje opp blåsebelg lånt frå Askøy Vikinglag.
Studentane blei satt til å montere belg medan vi begynte å varme ovnen sakte opp.
 |
Tormod og Stein gjør klar fundament for ovn |
 |
Ovnen treng som regel litt flikking. Her er mykje av den gamle
belgplata framleis på plass. Den tas av. |
Stein formidler og forklarar prosessen, hisoriske funn som kan koblast til jernframstilling og forteller litt om Handverkslaget.
 |
God fyr i blesteret |
 |
Etter å ha lagt i 8 kg myrmalm er det på tide å åpne |
 |
Stein, Siri og eg tar ut luppen med jern |
 |
Luppen komprimerast forsiktig på ein brei stubbe |
 |
Stein betraktar 1,2 kg jern |
Vi er veldig nøgd med dagen og avviklinga av både smiing og blestring. Studentane var med meg i smia på tur der dei fekk prøve seg på å smi S-krokar. Ei god begynnar-øving. Dei fleste fekk med seg ein ferdig krok heim og gjekk smilande derifrå.
Ein flott tradisjon som vi ser fram til å fortsetje med.