lørdag 25. oktober 2014

Bursdagsgåve til far

Mor tipsa meg om eit par ting han far har nevnt vi treng/bør ha på hytta. Han hadde bursdag tidligare i uka, så eg såg mitt snitt.
Eg tenkte at det her er ein smal sak, og hamra i vei. Som vanleg. Slik blei det:



Ferdig knagg øvst, emnet i midten, blyant for str.forhold 




Maler knaggane svarte. 

onsdag 22. oktober 2014

Garving av skinn (hjort).

No er hjortejakta snart over, og vi har ein frysar full av hjorteskinn.
Desse krever litt behandling før dei kan nyttast til noko som helst, og eg begynte så smått på eine skinnet for to veker sidan.


-Trinn ein er å skrape vekk så mykje som mogleg av kjøttsida. Her kjem jobbmengda sjølvsagt an på kor god jobb han/ho gjorde som flådde dyret.

-Trinn to er å leggje skinnet i lut (her kan både oskelut og kjemisk lut brukast). Skinnet skal dekkast heilt av blandinga, og helst "rørast i" to gonger for dagen i mellom 3-7 dagar. Luten gjer at talg og kjøt (på kjøttsida) og håra og epidermis på pels-sida blir lettare å skrape vekk. Skinnet er klart til skraping når ein kan nappe av ein bunt hår utan å ta nevneverdig i.

-Trinn tre er siste del i hårfjerningsprosessen. Her skal begge sider skrapast reine for alt som ikkje er hud/skinn. Dvs talg, fett, hinner, hår, epidermis...

Her skrapast kjøttsida.

Enkel måte å "låse" skinnet for skraping.

Kar med lut (og avskrapa kjøt/talg).

Lite bilde av sjølvsmidd skrapekniv/jern i aksjon.

Hårsida skrapast.

Er ikkje ferdig før vi har rydda opp, si.

Per no ligg skinnet, ferdig skrapa, i frysaren. Neste prosess er å fette skinnet. Viss det er lov å si.
Her trengs hjernemasse. Gjerne masse. Om nokon har til overs er det bare å gje ein lyd.
Bilder kjem som vanleg sånn rett før du minst ventar det.

mandag 6. oktober 2014

Smidde skrapejern/ skrapeknivar

No er hjortejakta godt igang, og skinn drysser på greie frøkner og herrer. Vi har eit par hjorteskinn liggande på frys, i tillegg til nokre hjortebein. Hjortebeina skal brukast til sitt, og senene til sitt.
Men uansett, dette blir det mulig eit eige innlegg av.
No er det skinn det er snakk om. Og håra og epidermis skal skrapast av. Vi har ein skrapekniv i bein som vi fekk i gåve frå Kuttelo (steinaldergruppe frå Finland), men vi treng fleire verktøy, slik at fleire kan jobbe samstundes.

Desse jerna skal ikkje være skarpe (, men heller ikkje heilt butte) slik at dei ikkje øydelegger skinnet med kutt. Dei skal kun brukast til skraping.

Her er iallefall litt bilder av dagens produksjon.










onsdag 1. oktober 2014

Underarmsbeskytter av skinn


Første del av `Henrik lagar ting for første gong`;

Eg fekk kjøpe eit stykke skinn av Stein for ei stund sida, øyremerka armbekyttar, og no har tida komen. Endeleg har eg tid til å byrje på slikt.


-Første eg gjorde var å sage ut knappar av eit reingevir, og bore hòl i dei.
 (4 stk skal vere nok til ein armbeskyttar, men er no greit å ha litt ekstra. Sånn viss,om og men.)
Ferdige knappar



-Deretter lagast mal, og skinnstykket skjærast ut.

Omtrent slik.
                         





Vidare:


-Knappane syast på med lintråd/senetråd.



-Skinnremser til snøring klippast/skjærast til og "herdast".



Ja, der ser du. Ting tok alt for lang tid (mange jern i ilden), så eg gjorde det enkelt, for enkelhets skyld. Ferdig! Ta-daa!