torsdag 19. januar 2017

Eit par ny-spikka skeier etter gammalt.

Innimellom smiinga og andre prosjekt spikker eg litt skeier

Og det vil eg nok fortsetje med. Det skjer titt og ofte at eg klør i fingrane etter å lage noko på kveldstid, så eg har lært å alltid ha ferdigøksa skei-emner liggande, klare for knivarbeid. 

Lita turskei i surna bjørk



Lang, usymmetrisk kombiskei i fjellbjørk

Fungerer til matlaging, servering og eting.
Om noko er av interesse er det bare å gje meg ein lyd. Skeier i forskjellige stilar og størrelsar er som regel klare for levering. Bilder av kva som er tilgjengeleg kan sendast om ønskeleg.











fredag 13. januar 2017

Bål-kit

Handsydd skinnpung med eldstål, flint, bjørkenever og knusk.

Dette har vore ein plan temmeleg lenge. Endeleg, no når eg har fått tak i ordentlig stål, får eg realisert planen: eit alt-i-eitt-bål-sett der eg har laga alt for hand. 

Det skal siast, dette skinnet har eg ikkje garva sjølv. Om eg skulle brukt sjølvgarva skinn til dette ville kvart sett kosta over 1000-lappen. Enkelte av dykk ville nok satt pris på alt arbeidet som var lagt ned i det og vert villig til å betale for det (noko eg KAN gjere, men kun på bestilling og betaling på forhånd), men dei aller fleste er ute etter noko som er litt meir overkommelig i pris. 
Ellers er pungen handsydd med lintråd, eldstålet handsmidd, flinten handknust, neveren er no never, og knusken laga på askelut, som seg hør og bør. 

I mi bok er dette stas. 






Rett og fint.

Sydd på vranga. Vrangsydd heiter det sikkert.






Lær-reim i elgskinn

Eit flott slik redigert bilde frå instagram'en min
Eg vurderer å bytte ut knusken med forkulla lin. Har ikkje bestemt meg heilt enno.
I tillegg kan det hende det blir valgfritt skinn for kundane etter kvart. Elg-, sel- eller reinsdyrskinn.


torsdag 12. januar 2017

Eldstål og jernalderkniv

Ein leirskole vil ha historiske verktøy

Eg fekk forespurnad om eg kan levere to eldstål og ein heilstål jernalderkniv ganske kjapt, så eg heiv meg rundt. Det stået eg tidlegare har brukt til å smi fyrtøy av har mellom 0,6 og 0,7% karbon, så det er ikkje lett å treffe skikkelig på herdetemperaturen. Med så lite karbon må temperaturen være høg.
   Det blei bestilt stål. Eg bestilte stål med 1,25% karbon, hardt som... som... eh, skikkelig hardt stål å hamre på, men steik kor bra eldstål det blir! Vi snkkar stjerneskudd og fyrverkeri. Omtrent.

Uansett: sånn ser dei ut. Må sjåast i levande live. Så til alle dykk som har tidlegare har uttrykt ønske om eldstål som faktisk fungerer: no er eg klar. Gi meg ein lyd, for desse er gode.







Spisepinnar i morelltre

Cherry chopsticks

Dette var eit julegåve-ønske som eg kjente var så interessant at eg "måtte" innfri. Å lage to rette pinnar kan no ikkje være så vanskelig tenkte eg, og det tenker sikkert du òg. Sannheta er at å lage ein jevnt avsmalande og rett pinne (frå kjerneved) med kniv er relativt vanskelig. Og så skal du lage ein til. Og dei skal være like. Eller... så like som mogleg.

Eg er nøgd med resultatet, og Hilde blei glad for gåva. 
Mykje blei lært undervegs i prosessen, og det er aldri feil. Slike blir det eit par til av, men aldri "produksjon". Det er for tidkrevande. Kan lagast på bestilling.



torsdag 5. januar 2017

Jernalderkniv, heilstål, med slire

Sying av slire

Eg har smidd ein GOD del slike jernalderknivar oppigjennom dei få åra eg har holdt på, men ikkje alle kjem så langt som å få slire. 
Eg har tatt eit par bilder for å vise litt korleis eg gjør. Ikkje så lett å huske på å ta bilder, men men. 

Læret var i overkant tjukt, så eg begynte med å tynne det

Sylen får kjørt seg


Eg syr alltid med salmakersting slik at kvart sting blir "låst"

Eg foretrekker å bruke lintråd

Slira blir bløyta og forma med provisorisk falsebein

Forma og farga




Eg fann ein diger treknute!

Treknute med X antall emner. 

Eg ser for meg trynet til han/ho som fann den her liggande i naturen. Slikt som dette er ikkje kvardagskost.