torsdag 24. oktober 2013

Mine 3 første Bodkinspissar. Oppdatert.

Eg har no øvd meg litt på pilspissar med fal. Dette er foreløpig det eg har brukt mest tid på, og eg merkar at det trengs. Eg får til fal, men no når eg har fått mål på diameter(og lengd) å forhalde meg til, blir det litt verre. Det er det eg skal byrje på neste gang; kortare og "trangare" fal.

Uansett, her er dei eg har så langt. Godt brukande, men ikkje direkte vakre.



 



Tirsdag, 29.10;steig eit nivå i smiing. Eg skjønte greia med fal.


Som sagt tidlegare: ikkje direkte pent.Men den gjør jobben.




Enkel gaffel/multiverktøy i jern

Eg stod der, midt i regnet og vinden på Herdla Marknad i august og mangla gaffel til hjortesteik. Då smir man seg ein enkel gaffel. Kan òg brukast til å fikse garn, setje opp håret, hekle (?), teltplugg, kappenål osv.

Den ser sånn ut, og har foreløpig kun blitt brukt til kjøtt:

Argh... Bilde kjem.

Plutselig.







Lang handsmidd heilstålkniv med tvist.

Henrik finn ein spiker av dugeleg dimensjon og hamrar den om til ein kniv.
Vil Kari-Anne ha?


Pokker. Mobilen er i ulage igjen. Smir den om til symaskin om den ikkje kjem seg snart.
Får ikkje lasta opp bilder.

Hang on.


Liten snurr på enden der, ja.
Vrei ca 2,5 gangar

tirsdag 1. oktober 2013

Første forsøk på Bodkin-spiss



Den her vil eg kappe av ca 3 cm av falen, der den er 1cm i diameter (ca midt på falstykket no). Det var ikkje heilt lett å beregne fal, men på sikt vil augemålet bli godt nok.