søndag 17. august 2014

Gåve til Sophia. Oppdatert.

Denne er laga på bestilling, på ein måte.
"På ein måte" -fordi den er eit resultat av behov framfor ønske.

Det skal seiast/skrivast at denne vart hamra til liv no i sommar, når det var +40 ute i sola. Kor mange grader det var inne i smia tør eg ikkje tippe på, men det gjekk med 2 liter vatn dei timane eg var der. Etter det bestemte eg meg for å vente til været var utholdeleg ute, før eg i det heile tatt skulle vurdere å hamre noko meir.
Uansett: kvar millimeter her har eg hamra på.
Bilder kjem når gåva er overrekt.





lørdag 16. august 2014

Nagler/spiker/søm


Sommarferien er no over, og sidan det har vore så usannsynleg heitt i juni og juli har eg stort sett holdt meg unna smia (med unntak av 5-6 timar ein dag i begynnelsen av juli).

Under BM (Bjørgvin Marknad) i år smidde eg meg eit spikerlo (bilde kjem om eg hugsar det), men har ikkje hatt/tatt tid til å øve på å bruke det før no (torsdag som var).
Det tok eit par (12) forsøk før eg vart nøgd med resultatet, men føler no det som gjenstår er å få ei uniform lengde på dei, og evt litt venare og beinare.

Mogleg eg legg ut serie av framgangsmåte seinare, om eg får med meg ein som kan ta bilder undervegs.
Slik såg det i alle fall ut:

Dei 3 første forsøka


Dagens "produksjon". Kun dei 4 til venstre er eg nøgd med.

Nye hammaren + plukketanga mi.

Spiker-lo. Enkelt og greit.


tirsdag 24. juni 2014

Smidd beltespenne

0,6 mm rundstål.



Varma opp til ca 200 grader og isatt med Linolje

Ferdig montert på beltet

tirsdag 10. juni 2014

Enkel slirekniv i vikingstil





 Det som gjenstår er å sy hempe på slira og slipe til eggen på kniven. 
Skal leggje til bilder omatte/vissatte eg huskar det.

mandag 9. juni 2014

Brygging av Indian Pale Ale, Batch #2

Stikkord: Supert vær, god stemning.

Søndag 08.06 var vi ein liten gjeng som hadde avtalt brygging av "Sommar-IPA". 
Vi kom litt seint igang, men det gjekk forsåvidt greit. Enkelte bilder her er beskrivande nok, men for min eigen del vil eg skrive litt her og der. Beer with me. 

Første førebuing unnagjort.
Oppkok av vatn til mesking
Einerlóg i botn, etter gammal radisjon.
Rista er på plass, vatn fyllast opp til ca 10 cm over rista.
Stein passar på at temperaturen ikkje er over 80 grader C.
Malta bygg hellast oppi meskekaret.
Vatn og korn. Blandast godt. 66 grader ifølge vår oppskrift.
Tapping av vørter og koking av meir vatn til mesking
Vørteren kokast opp. 
Restar frå mesking,
Ferdig brygg, her til avkjøling etter 3 rundar med humle.

Vel heime att (ca kl 2100) tilsat eg gjær i dunkane, sat på gjærlås og stua dei under trappa. Der skal dei stå no i omlag 2 veker (til dei har bluppa seg ferdig). Deretter blir det sukkerlake og flasking. Brått klar for sommar!

Oppdatering: onsdag 11.06.:
-Bluppinga har avtatt noko, men framleis stødige lydar frå begge gjæringskar.




søndag 1. juni 2014

Bjørgvin Marknad 2014

Då er BM over for i år, og alle er godt nøgd med marknaden. 20 grader, om ikkje meir, sval vind og god stemning.
Eg stod i smia stort sett heile tida så lenge der var publikum, så det med været har eg bare blitt fortalt. Omtrent heilt sant. Det var iallefall intenst varmt å stå og smi dei her dagane.
I tillegg til dei avbilda tinga her smidde eg eit spikerlo, to torshamrar, ein skrapekniv, ein s-krok, ein pilspiss og ordna nokre teltpluggar.

Her er bilder av eit par av tinga eg laga:


Kniven er herda og anløpt, slire skal syast.
Desse knivane er meint som enkle bordknivar, og skal filast og herdast.
Litt uvanleg form på bladet, men med surring av skinnsnor på skaftet blir det bra.

tirsdag 6. mai 2014

Første laminerte knivblad

I helga hadde Handverkslaget og Hordamuseet storfint besøk. I forbindelse med Jernalder - og mellomalderdagen som var no på søndag, var smed Jostein Espelund invitert som historieformidlar. Jostein har smidd i gode 30 år og mestrar det meste.
På fredag, etter jobb, for eg innom smia på Stend for å sjå om eg kunne hjelpe han med noko. Det kunne eg, og som premie lærte han meg essesveis/smisveis. Vi smidde kvar vår vikingkniv.
På laurdagen, etter førebuinga til søndag var ferdig, var premien min å få lære herding og anløping. Jostein kan det med å premiere.
Her er resultatet:

tirsdag 1. april 2014

Smidde stålspissting til dreiebenk

HANDVERKSLAGET har  nytt prosjekt på gang... Sist var det kastemaskina Magnus som skulle konstruerast, no er det historisk dreiebenk som står for tur.

Oppdraget mitt gjekk ut på å smi dei to metallstykka som skal halde på plass arbeidsstykket.

Omtrent sånn:


Arbeidsteikninga frå Stig

Utgangspunkt: 20mm rundstål.


Tar tid å gløde opp så mykje gods




Glødast opp og bøyast i sjølsmidd bøyebøyle.

Gløde opp og begynne på tange.




Ferdig.






tirsdag 25. mars 2014

Pilspissar med tange

Her er tre av bladspissane mine. Dei to til venstre smidde eg idag på handverkstreffet. Dei skal filast litt, så dei får litt egg og blir aldri så lite meir symmetriske.




Smiing av brynjebrytarar med tange




Ja, no er det ei stund sia forrige innlegg. Sånn er det av og til, ting blir satt litt på hold.
Men men. Dei siste månadane har eg øvd meg meir på pilspissar, då Bogelaget har blitt spurt om å vise fram forskjellege typar historiske spissar, og effekten desse har på diverse "mål". Dvs ringbrynje, halmblink og platerustning. Dette skal visast fram på Bergenhusdagane i sommar. Vi tenkar å ha tre av kvar; brynjebrytar, bodkin og "blad"-spiss. Dei to bilda her visar brynjebrytarsmiing. Desse med fal.