tirsdag 27. januar 2015

Middelalderkjortel i ull, type Kragelund

Drakt"workshop"/ arbeids-samling på Bryggen 31.01.15.

I forbindelse med Bergenhusdagane skal Bymuseet arrangere eit seminar eller liknande for å heve nivået på drakter i middelalderstil. Vi i Handverksalget og Bogelaget stiller som kjend med trebucheten Magnus i tillegg til langbueskyttarar, så det er naturleg at vi stiller i skikkelege drakter. Vi skal òg ha ei handverkssamling der vi fokuserer på eit uniformt plagg til Bogelaget. Ein surcoat (eit unisont plagg som ein kan trekke over resten av drakta) eller liknande.

Eg har som plan å sy kjortel og hoser (om eg får tid). Tid er på alle måtar den faktoren som eg er mest spent på her... Eg har sydd lite, og er veldig usikker på kor lang tid ting tar. Espen seier det er mogleg å få sydd begge deler på ei helg om eg bruker maskin. Vi får sjå kor effektiv eg er.

Bilder? Tja. Får sjå kor mandig eg klarer å få det til å bli.


Utgangspunktet/målet

Fleire utgangspunkt/mål

Kaffi og tenking

Tegning av mønster

Meir kaffi+ klipping

Mønster tegnast på stoff. 

Her skal kilane klippast ut.
Så langt har eg då komt på drakta per laurdag ettermiddag. Hoser blir det ikkje denne gangen. Det gjenstår no å finne ut korleis symaskina skal behandlast for å ville samarbeide... I morgon den dag.

Oppdatering:
Jaha... Ehm. Kor skal eg begynne..? Eg og symaskina kunne vel strengt tatt komt beire overens. Men til tross for enkelte uoverensstemmelser vil eg si det gjekk over all forventning. Eg blei på inga måte ferdig, men eg lærte ein heil del.

Eg var ikkje flink til å ta bilder idag, men det går så bra så. Her er det bildet eg tok.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!