Stikkord: Supert vær, god stemning.
Søndag 08.06 var vi ein liten gjeng som hadde avtalt brygging av "Sommar-IPA".
Vi kom litt seint igang, men det gjekk forsåvidt greit. Enkelte bilder her er beskrivande nok, men for min eigen del vil eg skrive litt her og der. Beer with me.
 |
| Første førebuing unnagjort. |
 |
| Oppkok av vatn til mesking |
 |
| Einerlóg i botn, etter gammal radisjon. |
 |
| Rista er på plass, vatn fyllast opp til ca 10 cm over rista. |
 |
| Stein passar på at temperaturen ikkje er over 80 grader C. |
 |
| Malta bygg hellast oppi meskekaret. |
 |
| Vatn og korn. Blandast godt. 66 grader ifølge vår oppskrift. |
 |
| Tapping av vørter og koking av meir vatn til mesking |
 |
| Vørteren kokast opp. |
 |
| Restar frå mesking, |
 |
| Ferdig brygg, her til avkjøling etter 3 rundar med humle. |
Vel heime att (ca kl 2100) tilsat eg gjær i dunkane, sat på gjærlås og stua dei under trappa. Der skal dei stå no i omlag 2 veker (til dei har bluppa seg ferdig). Deretter blir det sukkerlake og flasking. Brått klar for sommar!
Oppdatering: onsdag 11.06.:
-Bluppinga har avtatt noko, men framleis stødige lydar frå begge gjæringskar.