mandag 16. mars 2015

Torshamrar i jern. For salg/byte.

Her rett før jul fann eg ein skraphandler vest for Flesland der dei hadde jern i OK dimensjonar. Eg shoppa for 300.- og kjørte derifrå med 30 kg jern. Den minste dimensjonen viser seg å være heilt kurant å smi små torshamrar av. Desse blir laga for salg sia marknads-sesongen nærmer seg med (bokstaveleg talt) stormskritt.

Eg fekk med meg Bjørn i smia og vi hadde fokus på torshamrar. Så fekk eg jammen meg øvd meg på å vise og forklare og. Flaks at Bjørn er oppegåande nok og har tatt i ein hammar før. Han klarte seg bra.
Eg skal iallefall smi nok til å ha eit lite opplag til marknads-sesongen startar. Så mange eg får tid til, er vel meir korrekt.

Her er dagens spede begynnelse:



Den til høgre er Bjørn sin. Han skal file og lage shiny. 

Idag (10.03.) fekk eg tid til å lage to til på handverkstreff. Desse er litt mindre enn dei forrige. Det er fleire som har spurt etter mindre og nettare torshamrar, så det blir fleire i denne størrelsen som blir for salg/bytte.




Ny smidag idag (16.03), og her er eine hammaren eg smidde. Veldig nøgd med den her òg. Prøvde meg på ein ny variant i anhenget. Eller ka det heite... Den biten som tingen henge fra. Du skjønna, ja. Flott, det.

Syns bare bildet blei tøft. 



Denne er ikkje lenger "på lager".


Her er eit lite utvalg samla:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!