lørdag 30. januar 2016

"Slire"/ beskytter til skjekniv


Hau!

Denne kniven fekk eg utan noko form for beskytting for ei tid sidan, og den har til no vore så godt som ubrukt. Men så fann eg brått ut at eg skal øve meg på skeier og treskjæring og slikt, så då er det greit med skarpt verktøy.

Utgangspunktet. To veldig gode knivar og ein kloss.


Eg har sett eit par slirer til skeiknivar før, og det virkar som skinn ikkje heilt er tingen, då dei slitast fort ut. Så då fann eg ein liten kloss av furu som låg og slang, og begynte så smått å leggje ein plan. Der låg òg ei lita plate i eik, ca 4 mm tjukk, som eg òg nissa med meg.


Eg teikna omriss og bora ut 

Utskjæring 

Åhsåfintdenpassa, viss det e lov å si

Syns det blei eit OK bilde

Fekk ein idè og prøvde meg litt på pynting. Lov å prøve, si!

Det som manglar no er å bore hol til pluggane som lokket skal festast med og svinge på.



PS!
Eg vil uansett anbefale desse to knivane til alle som spikker litt og leikar seg med treskjæring/skeilaging. Dei er rimelege og veldig gode.
Her er lenke til ei farlig side for verktøynerdar: sloyd-detaljer


fredag 1. januar 2016

Sydd skinnting til pipe og pipetobakk

TOBAKKSPUNG:

Eg hadde litt elgskinn til overs frå då eg laga pilkoggeret mitt, og no fann eg nett ut kva eg skal bruke eine stykket til. Pipa mi treng ein plass å bu, pipetobakken får være ein plass der eg faktisk finn han att og så får eg plass til ein liten, 50-kroners lommekniv. Stas!

Lintråd, salmakersting og elgskinn





Jada, men kva heiter den her?
Forslag mottas gjerne.

Tobakkspung, naturleg nok, (takk til Liv Heidi) eller tobacco pouch på engelskt.


fredag 18. desember 2015

Knaggar i jern


Ohoi!

Lenge sidan sist! Kor det går der ute i verda?
Folk har spurt litt om kvifor eg ikkje har laga nye innlegg på ei stund, og svaret er vel strengt tatt mangefasettert. Eller kva det heiter.
Her er nokre av grunnane:

4 samojedkvalpar


Langbogeleiking


Langboge-/pinnespikking



Men men, but but. Her er eit par bilder av ting eg har smidd i det siste. Det er ikkje alt eg har vore flink å huske å ta bilde av, for å seie det mildt; knaggrekker og spiker og knivar og så vidare har gått i gløymebokji.
Men dette er frå sist mandag:
























torsdag 15. oktober 2015

Sliping av heilstålknivar og spydspiss


Det måtte gjørast... Kjempekjedelig og alt for vanskelig. Men det måtte gjørast.

Eg manna meg opp, rigga til maskina, slengte på meg smedforkle og satte i gang. Og fytti kor absolutt ikkje lett det var å få det jevnt. Det her må eg øve meir på, kjenna eg. Sjøl om det var himla kjedelig e det og litt interessant.

Tenk litt på den.


Her e resultatet. "Kjekt" å ha for å sjå tilbake på når eg er blitt god.








onsdag 30. september 2015

Ølbrygging 26.09.15, hvetevariant

Bryggelaurdag.


På laurdag var det avtalt brygging på museet. Ein liten gjeng med ei oppskrift frå Olav og eit felles mål møtte opp.

Opplett, sol, lite vind, yr og regn - været kort oppsummert.

Vi oppheld oss for det meste under tak, så været affiserer oss ikkje alt for mykje med mindre det bles stiv kuling eller meir. Vi startar med å leggje ut murstein til å ha bålet på, slik at skiferhellene ikkje skal sprekke. Vi heng opp gryta, startar bål og fyller vatn i gryta. Kaffi, frokost, slarving, spikking, kaffi, mat. Reingjer gjæringskar og gjer klart i meskekaret. Kaffi.


NETT høveleg start på dagen. 

Espen fyller meskekaret med korn.

Under rista er det einerlåg/ brake.

Til info og evt ettertanke.

Perlehumle hivast i først for å setje smak, og så standard humling.

Oppvarming av vatn til mesking.

Vi sper på med vatn i meskekaret for å halde riktig temp. 

Heitt og godt på ein fin haustdag.

Vørter tappast.

Oppskrifta sa 'appelsinskal'. Jepp.

Oppkok av vørter før humling.

Ca 85 grader C.
Her er humle tilsatt saman med lett knust koriander og raspa appelsinskal, og skal rullekoke i 90 minutt.

Ca 100 grader C. 
Etter koking er det standard avkjøling og så å få brygget over i gjæringskar og tilsetje gjærkultur.
OG= 1050.

Gjæringskaret mitt står no på kjøkkenet og held jent 20 grader C. Det bluppar og kosar seg nedi der, så det er bare velstand.



søndag 6. september 2015

Seglspøte til gammal, gammal trebåt


Det ligg nokre gamle trebåtar i nausta på Hordamuseet. Dei har eit eige lag av entusiastar som driv vedlikehold og tar båtane ut sånn dann og vann. Dei tok kontakt og lurte på om eg kunne smi ein sånn ting som gjorde sånn og sånn. Det kan eg vel, sa eg. Og sånn blei det:


Enkel og grei sak. Artig lite prosjekt.



tirsdag 1. september 2015

Spydspiss til kampspyd


Folk treng staffasje. Eg gir folket staffasje som tålar å bli brukt. Harde ting som kan herjast med og gjerne kastast rundt. SMILEFJES. Verbale smilefjes er dei beste.

Ser fram til å denge rundt og kose meg med spyd!
Skal lage fleire av desse, i litt diverse storleikar. Så om du treng/vil ha spyd kan du gi meg ein lyd. Kven treng ikkje eit spyd, lizm?







Eg har ein askestokk og ein hasselstokk liggande til tørk, og har ikkje bestemt meg for kva som bli kva. Ein blir bue og ein blir spyd. Hurra!






onsdag 26. august 2015

Smidd saks, som i 'klippeklippe', ikkje som i 'sax-kniv'


Steikje besto!

Eg måtte no prøve meg på ei saks. Hadde ikkje noko å sjå etter, så det er etter beste evne og eige skjønn..
Det vanskeligaste her er å få sjølve "klippeflatene" (det fins sikkert eit korrekt ord for det) jevne og beine. Slike vil det bli fleire av då det er himla kjekt å ha ei lita og grei saks for handa når ein evt skal slakte smådyr. Ellerno.





Saksa tar greit på stort sett heile "klippeflata", men eg er ikkje heilt nøgd før eg får den heilt jevn.
Neste gang! POW!





















onsdag 19. august 2015

SYL, handlaga.

Då var tida komen til småting og tang.
Eg fekk ei lita, bittelita stålfjør av Jostein for ei stund sida, og fekk ånda over meg. Sikkert fordi eg hadde eit emne til handtak som eg dagen før begynte å spikke på. Det er plausibelt. 
OG kanskje fordi eg hadde stått og hamra fram ein spydspiss og var litt gåen i armen. Neida. Joda. Neida. 

Skaft av gran til venstre, eik/bøk (?) til høgre.

Sjampagnekork for scale.











fredag 14. august 2015

Mjollnir og kappespenne

Eg hadde nokre timar før ledig før jobb idag, så eg slo til. Hirr hirr.

Bl.a ferdigstilling av to stk småting.
Her er bilder og alt.




Desse er for salg og/eller bytte.

Oppdatering: Mjollnir er 'Ikkje lengre tilgjengeleg'.