torsdag 15. oktober 2015

Sliping av heilstålknivar og spydspiss


Det måtte gjørast... Kjempekjedelig og alt for vanskelig. Men det måtte gjørast.

Eg manna meg opp, rigga til maskina, slengte på meg smedforkle og satte i gang. Og fytti kor absolutt ikkje lett det var å få det jevnt. Det her må eg øve meir på, kjenna eg. Sjøl om det var himla kjedelig e det og litt interessant.

Tenk litt på den.


Her e resultatet. "Kjekt" å ha for å sjå tilbake på når eg er blitt god.








onsdag 30. september 2015

Ølbrygging 26.09.15, hvetevariant

Bryggelaurdag.


På laurdag var det avtalt brygging på museet. Ein liten gjeng med ei oppskrift frå Olav og eit felles mål møtte opp.

Opplett, sol, lite vind, yr og regn - været kort oppsummert.

Vi oppheld oss for det meste under tak, så været affiserer oss ikkje alt for mykje med mindre det bles stiv kuling eller meir. Vi startar med å leggje ut murstein til å ha bålet på, slik at skiferhellene ikkje skal sprekke. Vi heng opp gryta, startar bål og fyller vatn i gryta. Kaffi, frokost, slarving, spikking, kaffi, mat. Reingjer gjæringskar og gjer klart i meskekaret. Kaffi.


NETT høveleg start på dagen. 

Espen fyller meskekaret med korn.

Under rista er det einerlåg/ brake.

Til info og evt ettertanke.

Perlehumle hivast i først for å setje smak, og så standard humling.

Oppvarming av vatn til mesking.

Vi sper på med vatn i meskekaret for å halde riktig temp. 

Heitt og godt på ein fin haustdag.

Vørter tappast.

Oppskrifta sa 'appelsinskal'. Jepp.

Oppkok av vørter før humling.

Ca 85 grader C.
Her er humle tilsatt saman med lett knust koriander og raspa appelsinskal, og skal rullekoke i 90 minutt.

Ca 100 grader C. 
Etter koking er det standard avkjøling og så å få brygget over i gjæringskar og tilsetje gjærkultur.
OG= 1050.

Gjæringskaret mitt står no på kjøkkenet og held jent 20 grader C. Det bluppar og kosar seg nedi der, så det er bare velstand.



søndag 6. september 2015

Seglspøte til gammal, gammal trebåt


Det ligg nokre gamle trebåtar i nausta på Hordamuseet. Dei har eit eige lag av entusiastar som driv vedlikehold og tar båtane ut sånn dann og vann. Dei tok kontakt og lurte på om eg kunne smi ein sånn ting som gjorde sånn og sånn. Det kan eg vel, sa eg. Og sånn blei det:


Enkel og grei sak. Artig lite prosjekt.



tirsdag 1. september 2015

Spydspiss til kampspyd


Folk treng staffasje. Eg gir folket staffasje som tålar å bli brukt. Harde ting som kan herjast med og gjerne kastast rundt. SMILEFJES. Verbale smilefjes er dei beste.

Ser fram til å denge rundt og kose meg med spyd!
Skal lage fleire av desse, i litt diverse storleikar. Så om du treng/vil ha spyd kan du gi meg ein lyd. Kven treng ikkje eit spyd, lizm?







Eg har ein askestokk og ein hasselstokk liggande til tørk, og har ikkje bestemt meg for kva som bli kva. Ein blir bue og ein blir spyd. Hurra!






onsdag 26. august 2015

Smidd saks, som i 'klippeklippe', ikkje som i 'sax-kniv'


Steikje besto!

Eg måtte no prøve meg på ei saks. Hadde ikkje noko å sjå etter, så det er etter beste evne og eige skjønn..
Det vanskeligaste her er å få sjølve "klippeflatene" (det fins sikkert eit korrekt ord for det) jevne og beine. Slike vil det bli fleire av då det er himla kjekt å ha ei lita og grei saks for handa når ein evt skal slakte smådyr. Ellerno.





Saksa tar greit på stort sett heile "klippeflata", men eg er ikkje heilt nøgd før eg får den heilt jevn.
Neste gang! POW!





















onsdag 19. august 2015

SYL, handlaga.

Då var tida komen til småting og tang.
Eg fekk ei lita, bittelita stålfjør av Jostein for ei stund sida, og fekk ånda over meg. Sikkert fordi eg hadde eit emne til handtak som eg dagen før begynte å spikke på. Det er plausibelt. 
OG kanskje fordi eg hadde stått og hamra fram ein spydspiss og var litt gåen i armen. Neida. Joda. Neida. 

Skaft av gran til venstre, eik/bøk (?) til høgre.

Sjampagnekork for scale.











fredag 14. august 2015

Mjollnir og kappespenne

Eg hadde nokre timar før ledig før jobb idag, så eg slo til. Hirr hirr.

Bl.a ferdigstilling av to stk småting.
Her er bilder og alt.




Desse er for salg og/eller bytte.

Oppdatering: Mjollnir er 'Ikkje lengre tilgjengeleg'.










tirsdag 11. august 2015

Ungen smir gave/premie til frk.Dahl


Etter ei flott helg men vikingmarknad på Lygra, bestemte ungen at vi skulle jammen meg smi ein ting til frk. Dahl og dermed basta. Sånn var det og sånn blei det. Og det er klart at eg som far aldri kjem til å nekte ungen å smi om ho vil det. Som seg hør og bør. Veldig stas!


Allereie tatt i bruk (+ blåbærhand)
Oppdatering:

Arbeidstegning. Jepp!





mandag 3. august 2015

Kniv av jernbanenagl

Eg har sett utallige versjonar og variantar av desse, og har hatt lyst å prøve lenge. No i helga kom eg over ein bunke spiker. Sånne spiker:


Og idag begynte eg å hamre og prøve. Sånn blei første, ikkje herda eller slipt.



Eg prøver meg litt fram med diverse form og fasong


Jepp! Og fleire skal det bli! For salg og bytte. Etter kvart.


tirsdag 21. juli 2015

Bursdagsgåve til frøken Dahl.

Det er rart det der med behov. Spesielt behov ein ikkje er heilt klar over ein har.

Eg fann eit sånt for ikkje lenge sida, og det er ekstra stas å tenke ut enkle løysinger for slike behov. Igjen, spesielt når ein kan smi ei løysing.

Her er bilder av prototyp og eigen design. Slike blir det fleire av, då eg allereie har fått bestillinger. Hepp!

Ja, se DER, du.

Ha! Perfekt til å henge på dusjkabinettet!