Viser innlegg med etiketten hinges. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hinges. Vis alle innlegg

onsdag 1. juli 2015

Bestilling: 2 sett hengslar til kister

Espen treng jernhengslar til kister, og eg tar sjølvsagt på meg oppdraget. Hengslar er kjekt å hamre fram/ut/til, må vite. Det er funnen fleire typer hengslar frå jernalder, og eg har sett eit par variantar, men eg liker å ha fritt spillerom til å lage ting slik eg vil. Og spesielt kjekt er det å pønske ut ei løysing som fungerar som den skal og ser bra ut.

Her er nokre bilder av skapelsen.
Det som gjenstår er å dore hòl til nagler, og svartbrenne rubbel og bit. Hepp!





I tillegg skal eg lage låsbeslag i samme stil. Bilde kjem.













torsdag 11. juni 2015

Smidde hengslar til smed-kiste


Desse skal brukast på kista som eg bytta til meg frå Helge. Dei er kraftig nok dimensjon på, og vèl så det.
Det gjenstår bare å dore ut hòl og svartbrenne dei med linolje slik at dei tåler litt vatn.