onsdag 24. september 2014

Bålstativ


No når eg har smidd meg S-krokar er dette neste prosjekt på plakaten. Slik ser det i allefall ut.




Å rette ut ei bilfjør tar tid, gitt. 

Eine enden splittast med meisel. 


Andre enden får eit auge. 




Tre slike bein = Bålstativ. Det som gjenstår er å lage auger i dei to siste stengene/føttene, og å smi "låsepinne"/krok. Denne ser eg fram til å lage. Bilde kjem, som vanleg, brått og uventa.









torsdag 11. september 2014

Brygging av mjød, batch #1 (Oppdatert 27.10.14)

Dagen kom endeleg. Vi (Bjørn, Paul og eg) har sett fram til dette. Paul har honning og rips, Bjørn har gryte, brennar, bringebær og erfaring, eg har bil, propan, bikkje og arbeidslyst. Vi bringa alle vårt til bordet. Ikkje bikkja, forresten. Ho tok det heile med knusande ro.

Uansett... Noko oppskrift vil ikkje bli lagt ut her, men framgangsmåte skal bli. Om nokon lurer på smakstilsetjing er det bare å spørre. Blandingsforholdet honning/vatn ≈ 1/1. "Epic Iron Age Shitfaced" heite det.

Oppkoking av vatn. 

Honning rørt inn, og tilsatt bringebær. 
 Etter tilsetjing av bringebær splitta vi vaniljestang og heiv oppi. Til slutt blei ein del rips tilsatt. Dette heldt vi på koketemp ei lita stund, før vi bråkjølte (og skaut litt med pilabue og kasta med øks).



Deretter var det å tappe i kvar sitt gjæringskar og fortsetje jobben heime.



Dunken er i hus, og er no på 24 liter. Sukkerlake og gjær + gjærnæring er gjort klar, og vil bli tilsatt i ettermiddag. (13.09.)

Ferdig sukkerlake 

Oppdatering, 27.10.14:

Det bluppar framleis lystig i dunken. Det nærmar seg tapping og langtidslagring, men gjæra skal få gjøre seg ferdig først.

 Eg er uhyre spent på korleis brygget vil bli. Det vitast neste haust.

YouTube-link til artilleriskyting på Bergenhusdagane

Eg legg ut ein link her, sia det ikkje er eg som har tatt videoen. Eg meiner det er Lena frå Fortidsfamilien som har filma.

Pilregn på Bergenhusdagene 2014: Klikk her.

Fleire bilder og kanskje litt film er å finne. Kanskje på Bymuseet sine nettsider, Stig sin handverksblogg kan ha noko, evt bruk Google til det det er meint for.

Lykke til.


Bilde av nokre i laget på ei øving

mandag 8. september 2014

S-krokar i jern

S-krokar går det mykje av, og i, på marknader rundtomkring. I tillegg treng eg eit par sjølv.
Så då var det bare å begynne.
(Bålstativ er neste prosjekt.)







onsdag 20. august 2014

Handverkslaget på Bergenhusdagane

Handverkslaget har tatt på seg å drive litt underhaldning under viking og middelaldermarknad/festival. Vi vil vise artilleriskyting med bue samt historiske pilspissar sin effekt på div beskyttelse.

Til artilleriskytinga har vi no ferdigstilt 100 piler. Dei skal lakkast neste tirsdag (02.09.), og så er dei "good to go".

Storstilt produskjon. Her limast fjær på pilskafta.

Ein liten del av ferdige piler.

Første prøveskyting. 75 meter.


Her er ein link til ein "Facebook-teaser" som Stein i Handverkslaget har laga. Kos dykk.

___________________________

Trebuchet:
I fjor bygde Bjørgvin Handverkslag trebuchet'en Magnus for å syne fram beleiringsteknikkar frå rundt 11-1200-tallet. Denne typen kastemaskin er laga for å kaste prosjektil som stein, jernkuler (og hodekål, mest sannsynleg som ein type tidleg nødhjelp i perioder med mykje hungersnød og pest... eller ikkje) over murane til motparten. Andre maskiner vart brukt når det var snakk om å knuse murane rundt ei borg eller ein by. No i helga, under Bergenhusdagane, kasta vi 20 hodekål 75-80 meter utover Koengen. Hadde vi vore 8 mannfolk til å trekke, i tillegg til å lade med nokre halvkilos jernkuler, ville vi kunne gjere det bra utriveleg i hin enden, og kasta prosjektila mykje lenger.

Den legendariske kastemaskina 'MAGNUS'.

MAGNUS, degradert til langbuestativ.

Artilleriskyting:
Etter 4-5 kast med Magnus, med litt hjelp frå små og store hjelpevillige frå publikum, stilte vi opp ei linje med 8 langbueskyttarar. Vi fyrte av garde 5 seriar med kommandoane: PIL - TREKK - HOLD - SLIPP, for så å skyte fritt "så langt lageret rakk". Vi skaut då på samme avstand som med Magnus. Markørar var sett ut til formålet, og målet var å ha ei stor samling piler rundt markøren på 76 meter.

Eg har diverre ingen bilder av skyttarlinja, då eg var med i den sjølv. Mogleg eg får tak i dette om litt.
Her er link til Lena (Fortidsfamilien) sin Youtube-kanal, der du kan finne små klipp frå helga: Trykk her.


Vi har i alle fall fått gode tilbakemeldinger på underhaldninga, både frå publikum og arrangør.

Gode ting!









tirsdag 19. august 2014

Handtak til smed-kiste

Hengslar har eg smidd tidligare, no treng eg kun handtak på sidene. Desse smidde eg idag.
Dei ser nøyaktig slik ut:







søndag 17. august 2014

Gåve til Sophia. Oppdatert.

Denne er laga på bestilling, på ein måte.
"På ein måte" -fordi den er eit resultat av behov framfor ønske.

Det skal seiast/skrivast at denne vart hamra til liv no i sommar, når det var +40 ute i sola. Kor mange grader det var inne i smia tør eg ikkje tippe på, men det gjekk med 2 liter vatn dei timane eg var der. Etter det bestemte eg meg for å vente til været var utholdeleg ute, før eg i det heile tatt skulle vurdere å hamre noko meir.
Uansett: kvar millimeter her har eg hamra på.
Bilder kjem når gåva er overrekt.





lørdag 16. august 2014

Nagler/spiker/søm


Sommarferien er no over, og sidan det har vore så usannsynleg heitt i juni og juli har eg stort sett holdt meg unna smia (med unntak av 5-6 timar ein dag i begynnelsen av juli).

Under BM (Bjørgvin Marknad) i år smidde eg meg eit spikerlo (bilde kjem om eg hugsar det), men har ikkje hatt/tatt tid til å øve på å bruke det før no (torsdag som var).
Det tok eit par (12) forsøk før eg vart nøgd med resultatet, men føler no det som gjenstår er å få ei uniform lengde på dei, og evt litt venare og beinare.

Mogleg eg legg ut serie av framgangsmåte seinare, om eg får med meg ein som kan ta bilder undervegs.
Slik såg det i alle fall ut:

Dei 3 første forsøka


Dagens "produksjon". Kun dei 4 til venstre er eg nøgd med.

Nye hammaren + plukketanga mi.

Spiker-lo. Enkelt og greit.


tirsdag 24. juni 2014

Smidd beltespenne

0,6 mm rundstål.



Varma opp til ca 200 grader og isatt med Linolje

Ferdig montert på beltet

tirsdag 10. juni 2014

Enkel slirekniv i vikingstil





 Det som gjenstår er å sy hempe på slira og slipe til eggen på kniven. 
Skal leggje til bilder omatte/vissatte eg huskar det.