søndag 29. september 2013

Min første pilspiss med fal.

Del fem av Henrik gjør ting for første gang.
Den her gangen gjekk det ut over eit armeringsjern. 





Framover vil eg fokusere på forskjellege typar pilspissar; Bodkin, brynjebrytar, halvmånespiss og enkel, brutal mothakespiss. Bilder kjem etter kvart.

tirsdag 30. juli 2013

Barberkniv, handsmidd.



Del ca 5 av "Henrik gjør ting for første gang". I dag: Smidd barberkniv.

Eg gløymde å ta eit "før-bilde", men her har eg hamra til bladet.

Hamra det som skal bli handtak firkanta.

Hamra til flat spiss i enden.

Laga ein liten snurr.


Varma opp midten av handtaket og vrei stålet litt.


Prøvde meg på herding for første gong, forresten.





Behandla med linolje for svart finish.


Filar til eggen.


Ca ferdig, men skal file til litt "høgare" egg.
Det viste seg at herdinga ikkje tok, så eg skal gjere eit nytt forsøk. I tillegg til å file smalare og finare egg.

tirsdag 23. juli 2013

Eit bilete til. Stor kappespenne, Mjollnir og lita brosje.


Her er den første kappespenna eg laga (den til venstre). Ikkje 100% nøgd, men den er mandig. Kan drepe jerv med nåla, si.

Mjollnir er den eg laga då Jonas filma.

Kappespenne.





Ja, det var på tide å prøve seg på noko nytt.
Ei lita kappespenne/brosje får ein sikkert bruk for, tenkte eg, og lot det stå til.




Eit passande stykke mjukt stål.

Eine enden varmast godt opp og hamrast til ein flat spiss. Lett konisk i bredda.

Hamre til ein snurr. (Ein kan nok med fordel bruke ei lita tang, men per no har eg ikkje det.

Snurr i begge endar, oppvarming av midten, til slutt bøyast den til.
Då er sjølve spenna ferdig, og nåla gjenstår.  Eg hadde nok til denne i samme type stål og tjuknad, så då var det berre å kjøre på.



Varma opp tuppen og hamra den spiss.


Oppvarming og kapping, samt hamra enden til ein flat spiss og bøygde enden til ein U.

Nåla ferdig kappa.

Då var det berre å feste dei to stykka og behandle kreasjonen med linolje for ønska finish.



Ferdig og godt nøgd.






mandag 15. juli 2013

Besøk i smia = skikkeleg dokumentering


Sommar og besøk er stas. Jonas ville gjerne bli med ein tur i smia, og prøve seg litt sjølv... Det er sjølvsagt meir enn greit for meg.

Eg har tidlegare laga eit par torshamrar, og har funne ut at det er ei god begynnarøving. Eg satsar på å få dokumentert framgangsmåte på korleis eg hamrar dei til no, i det her innlegget.
Kanskje, om vi får tid, kan eg hamre ei eldrake eller ei kappenål eller noko slikt. Vi får sjå.

Uansett: dette har potensiale til å bli eit godt innlegg med tanke på dokumentering av smia og framgangsmåte. Kan for ein gongs skyld muligens bli eit innlegg verd å sjå/lese for andre enn meg.

____________________


OK, då har dagen kome og gått, og Jonas har reist heim igjen. Vi hadde litt tid til overs på mandagskvelden, og bestemte oss for å ta ein session i smia.  Stas så det held.

Jonas tok med seg kamera og filma i vei, og vi smei/smidde litt. Vel heime redigerte han til ei skisse (som eg meiner ser langt beire ut enn noko skisse).
Skal laste den opp no.


Tulla.
Det gjekk ikkje. Skal prøve igjen.

Det visar seg at fila foreløpig er for stor. Vi tar tida til hjelp.
planen no er å få lagt den ut på den såkalla youtube, og heller leggje ut ein link. Kryss fingrane og alt anna som kryssast kan.

fredag 5. juli 2013

Enkel eldrake. Og ein til.

Del 4 av 'Ting lagast for første gang': idag ildrake.


Alt skal prøvast.

Nummer 1 er den stutte i forkant. Fekk ikkje heilt til snurren på handtaket.

Prøvde meg for første gang på å vri stålet.

Handtaka. Den mørkaste er behandla med linolje, den andre er ikkje gjort noko med.


lørdag 22. juni 2013

Brygging av I.P.A. Del 2.


Då var dagen her. Flasking av Indian Pale Ale -første batch.

Målte OG'en til 1015, og tappa i vei.



Flasker reingjort og klargjort


Sukkerlake- 6ml pr liter



25liter i dunken, men bunnslam tar litt plass


"Humle i solnedgang"



Tja, litt sjølvforklarande bilete


Ferdig med flasking: 22,3 liter nytelse


Enkelt og greit mtp reingjøring når ein brukar blomst istadenfor pellets. 
Botnslammet var temmelig viskøst, og difor lett å få ut av dunken. Var berre å spa det utav, spyle og vaske dunken, så var den brått klar for ny brygging. Hurra for dèt. Eg er offisielt klar for runde 2.

Oppdatering 28.06.13:
-Brygget er no ferdig, og det har blitt grundig forsøkskonsumert. Alkoholprosent på ca 6,1% og god smak. Ikkje for bitter, og ikkje søt. Lettdrikkeleg, rett og slett. 1 liter går ned på høgkant, og brygget har blitt godkjend av ein trekksame.
-Eg har i òg konferert med Stein som er godt nøgd med sitt sluttprodukt. Og vi er klare for ny brygging til hausten. Hipphipp!

onsdag 12. juni 2013

Mjollnir til Andrè


Nokre bilete av siste produserte torshammar.
Dei vert betre og betre, og denne er eg nøgd med.



Arbeidsplassen






Neste session i smia blir fredag 14.06.13
Då har eg smia frå 09:30 til ca 14:30, i motsetning til dei vanlege tirsdagskveldane der eg får smidd i maks 2 timar. Eg satsar på å lage heilstålkniv av ei gammal fil eg har funne.
Bilder av prosessen vil bli lagt ut. Tar tida til hjelp.

mandag 10. juni 2013

Brygging av Indian Pale Ale 08.06.13. Del 1.



Her gjorde vi det aller meste på gamlemåten.
-Med storgryte som rommar ca 150 liter, og eit kar med einerkvistnedst, vatn til over sila, og malta bygg og oppkokt vatn på toppen. Heile suppa fekk kose seg på mellom 66 og 68 grader.
-Vørteren blei så helt opp i storgryta og kokt opp, og humle tilsatt i 3 omgongar. Vi fekk tak i blomst den her gongen, og ikkje pellets som har vorte brukt før. Dette viste seg å falle i smak, då det blei lettare å ause ut væske på slutten.
-Etter endt koketid sat vi igjen med omlag 25 liter kvar. Gjær vart tilsatt, og dette står no i dunk på kjøkkenet mitt og gjærar og kosar seg. *Blupp-blupp* til morgonkæffien er ikkje feil.
Om ca 2 veker er brygget klart for flasking. Då er sommaren gjerne redda likavel.

Her er litt bilete frå dagen.



Vatn kokast opp


 
Meskekaret med einerkvist nedst, sil, og kornet (bygg) øvst



Vørter tappast











Humleblomst

Det er visstnok uhyre viktig å måle nøye opp.



Første tilsetning av humle, etter oppkok av vørter


Det kokar jamt og lenge

Stein passar på ´som ein smed´

Skal leggje ut bilde av ferdig produkt når den tid kjem.

Kanskje eg til og med hugsar å knipse litt under tapping. Mykje å håpe på, kjennar eg.
Eg har i alle fall fått ein del tomme Erdinger-flasker av ein kompis, så dette vil bli knallbra.
til slutt vert det å evt lage, og feste på eigne etikettar.