Ja, det var på tide å prøve seg på noko nytt.
Ei lita kappespenne/brosje får ein sikkert bruk for, tenkte eg, og lot det stå til.
|
Eit passande stykke mjukt stål. |
|
Eine enden varmast godt opp og hamrast til ein flat spiss. Lett konisk i bredda. |
|
Hamre til ein snurr. (Ein kan nok med fordel bruke ei lita tang, men per no har eg ikkje det. |
|
Snurr i begge endar, oppvarming av midten, til slutt bøyast den til. |
Då er sjølve spenna ferdig, og nåla gjenstår. Eg hadde nok til denne i samme type stål og tjuknad, så då var det berre å kjøre på.
|
Varma opp tuppen og hamra den spiss. |
|
Oppvarming og kapping, samt hamra enden til ein flat spiss og bøygde enden til ein U. |
|
Nåla ferdig kappa. |
Då var det berre å feste dei to stykka og behandle kreasjonen med linolje for ønska finish.
Ferdig og godt nøgd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Ris/ros/forespørsel, kjør på!