No har det blitt tradisjon.
Eit knippe eldsjeler frå Bjørgvin Handverkslag, meg sjølv inkludert, held blestringskurs og smidag for arkeologistudentar ved Universitetet i Bergen. Ein kjekk og intens dag for alle involverte.
Vi byrja dagen kl 0800 med å fyre opp smia og setje opp blesterovnen; grave hòl til slagg, lage fundament for ovn, få ovn på plass, flikke litt på småsprekker, feste belgplata (som Stein laga i gooood tid før) og setje opp blåsebelg lånt frå Askøy Vikinglag.
Studentane blei satt til å montere belg medan vi begynte å varme ovnen sakte opp.
Tormod og Stein gjør klar fundament for ovn |
Ovnen treng som regel litt flikking. Her er mykje av den gamle belgplata framleis på plass. Den tas av. |
Stein formidler og forklarar prosessen, hisoriske funn som kan koblast til jernframstilling og forteller litt om Handverkslaget.
God fyr i blesteret |
Etter å ha lagt i 8 kg myrmalm er det på tide å åpne |
![]() |
Stein, Siri og eg tar ut luppen med jern |
![]() |
Luppen komprimerast forsiktig på ein brei stubbe |
Stein betraktar 1,2 kg jern |
Ein flott tradisjon som vi ser fram til å fortsetje med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Ris/ros/forespørsel, kjør på!