fredag 13. januar 2017

Bål-kit

Handsydd skinnpung med eldstål, flint, bjørkenever og knusk.

Dette har vore ein plan temmeleg lenge. Endeleg, no når eg har fått tak i ordentlig stål, får eg realisert planen: eit alt-i-eitt-bål-sett der eg har laga alt for hand. 

Det skal siast, dette skinnet har eg ikkje garva sjølv. Om eg skulle brukt sjølvgarva skinn til dette ville kvart sett kosta over 1000-lappen. Enkelte av dykk ville nok satt pris på alt arbeidet som var lagt ned i det og vert villig til å betale for det (noko eg KAN gjere, men kun på bestilling og betaling på forhånd), men dei aller fleste er ute etter noko som er litt meir overkommelig i pris. 
Ellers er pungen handsydd med lintråd, eldstålet handsmidd, flinten handknust, neveren er no never, og knusken laga på askelut, som seg hør og bør. 

I mi bok er dette stas. 






Rett og fint.

Sydd på vranga. Vrangsydd heiter det sikkert.






Lær-reim i elgskinn

Eit flott slik redigert bilde frå instagram'en min
Eg vurderer å bytte ut knusken med forkulla lin. Har ikkje bestemt meg heilt enno.
I tillegg kan det hende det blir valgfritt skinn for kundane etter kvart. Elg-, sel- eller reinsdyrskinn.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!