onsdag 24. juni 2015

Harfrsfjordkaupangen 2015




Handverkslaget blei invitert til å blestre (jernframstilling) på kaupangen til Harfsfjordvikingane helga 12.-14. juni, og vi var ein liten delegasjon som reiste ned (Paul Rune, Jørn og eg). 3 stk er i utgangspunktet eit greit antall for eit slikt prosjekt. (Vi blei beæra med hjelp frå Jernaldergarden på søndagen (blestredagen), og det vart godt mottatt.)

Fredag gjekk med på å setje opp telt, etablere leir og planlegging av resten av helga. Vi fekk plass utafor sjølve marknaden og fekk sånn sett ikkje være med i det gode selskap, utan at nokon av oss heilt visst kva vi hadde gjort gale for å fortjene det. (Eg tar på meg skylda, som vanlig.) Men heilt alvorlig var det litt OK. Vi fekk arbeidsrom, ein fin plass å sove, i tillegg til at det blei ein liten "friplass" for vikingar som var kjørt i skallen av inntrykka inne på sjølve marknaden.




...og sjølvsagt reparere litt småting frå  Bjørgvin Marknad forrige helg. Eg har innsett at å sy heile plagg ikkje er mi greie, men å fikse på tinga er temmelig OK. Spes når ein sit i sola med øl og bål.







Etter at Paul og Jørn hadde landa var det på tide med mat, bål og meir øl. Ekstremt trivelig, og før vi visste ordet av det var vi over 20 stk rundt bålet. Det var for det meste himla trivelige folk frå Nordhordland Frie Vikinger, men og ei folkemusikk-gruppe frå Litauen. Vi koste oss glugg ihjel, og eg skåla i mitt stille og enkle sinn for dei i Handverkslaget som ville være med, men ikkje fekk det til. (Spesielt Stein.)



Lørdag var røstedagen.
Eg grov opp ca ein kvadratmeter av marka, sånn at der var plass til stålplata vi har røstebålet på, og så blei pagodebål satt opp og myrmalm klatta på. Dette er ein naudsynt prosess for å tørke malmen og brenne ut ureinheter. Resultatet blir oftast mørk raud, magnetisk sand. Magnetisk fordi det er mykje jern i den.


Ferdig, nedbrent røstebål. Foto: P.R.Bakke


Bålet brann heile lørdagen, og vi fortsatte å fyre på kvelden. Som seg hør og bør. Vi hadde ikkje eingong fått i oss øl nummer to før det ramla inn med tidlegare nevnt himla trivelige folk.

Lørdag fekk eg litt tid til å sjå meg litt rundt og hilse på folk eg har møtt før, og eit par eg har hørt om, men ikkje fått tid eller anledning til å hilse på. Fekk kjøpt meg 6 terningar i bein (monstertøffe), såpe av oksefett og gran (luktar skævv) og hengelås til smedkista mi. Hengelåsen er basert på Birka-funnet, om eg ikkje tar heilt feil.


Oksefett og gran-såpe 






Søndag var den store blestredagen. Vi fekk som nevnt tidlegare hjelp frå tre flotte folk frå Jernaldergarden på Madla. så det heile gjekk stort sett som ein draum. Eg fekk tilogmed tid til å få litt sårt trengt massasje og ein liten powernap utafor teltet sammen med bikkja. Veldig greit.

Vi varma opp ovnen frå kl 10:00 og hadde første ilegg malm ca 11:00.
900 gram malm og 1 kg kòl - 10 ilegg malm = 9 kg. Se der, du slapp å regne i hodet for eg har tatt det på kalkulator og dobbelsjekka.
Vi åpna luka på blesteret ca kl 15:30, og komprimerte med trestokk og stubbe. Resultat: 700 gram jern! Vi er nøgde, då 10% av ilagt vekt blir resultat er særs innafor.

Bilder frå blestring er tatt av Paul Rune, evt med hans kamera.


Paul pumper jern
Jørn og folk frå Jernaldergarden i fri utfolding

Rimtussa er alltid med.






Søndagens produksjon














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!