torsdag 11. september 2014

Brygging av mjød, batch #1 (Oppdatert 27.10.14)

Dagen kom endeleg. Vi (Bjørn, Paul og eg) har sett fram til dette. Paul har honning og rips, Bjørn har gryte, brennar, bringebær og erfaring, eg har bil, propan, bikkje og arbeidslyst. Vi bringa alle vårt til bordet. Ikkje bikkja, forresten. Ho tok det heile med knusande ro.

Uansett... Noko oppskrift vil ikkje bli lagt ut her, men framgangsmåte skal bli. Om nokon lurer på smakstilsetjing er det bare å spørre. Blandingsforholdet honning/vatn ≈ 1/1. "Epic Iron Age Shitfaced" heite det.

Oppkoking av vatn. 

Honning rørt inn, og tilsatt bringebær. 
 Etter tilsetjing av bringebær splitta vi vaniljestang og heiv oppi. Til slutt blei ein del rips tilsatt. Dette heldt vi på koketemp ei lita stund, før vi bråkjølte (og skaut litt med pilabue og kasta med øks).



Deretter var det å tappe i kvar sitt gjæringskar og fortsetje jobben heime.



Dunken er i hus, og er no på 24 liter. Sukkerlake og gjær + gjærnæring er gjort klar, og vil bli tilsatt i ettermiddag. (13.09.)

Ferdig sukkerlake 

Oppdatering, 27.10.14:

Det bluppar framleis lystig i dunken. Det nærmar seg tapping og langtidslagring, men gjæra skal få gjøre seg ferdig først.

 Eg er uhyre spent på korleis brygget vil bli. Det vitast neste haust.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!