tirsdag 14. januar 2014

Handsmidd knivblad. Heilstål.

 Prosjekt nummer to, Tirsdag 14.januar.

Eg fann ei gammal øydelagd fil her for ei stund sida, og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere med ho.. Men det demra no heilt brått, og så blei det som det blei.

(Igjen; eg får ikkje snudd bileta, så "piffpaff, eselfjes", som dei seier på sjøen.)





Sliping, herding og anløping gjenstår.
No er ikkje knivbladet herda og anløpt. Det vart det ikkje tid til på kvisten, men eg normaliserte og svartbrann med linolje for å sjå kor svart eg kunne få det. Eg fekk det heilt kòlsvart, så eg har trua på at det her blir bra.
Må svartbrenne opp att etter herding, men no veit eg i alle fall meir om det enn eg gjorde i går.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!