lørdag 2. november 2013

Bogehelg med Bogelaget/ delar av Handverkslaget




Vi har planlagt ei buehelg ganske lenge, og no fekk vi endeleg tida til det.
Idag, laurdag, var vi 6 stk som møtte opp, og det er i grunn heilt kurant. No har det seg slik at ein person hadde eit lite slagsmål  med ei bordsag. Han kom levande frå det, heldigvis. Nok om det.

I alt var vi 4 stk som jobba med boger; meg, Tor Kåre, Paul og frk Reiersen.
Stig og Tor jobba med piltransportseparatorting.

Eg begynte med ein stokk, som no er foredla om til ein pinne.

LØRDAG:

Saga som nesten har eit liv på samvitet, og stokken eg hadde som utgangspunkt.

Pinnen med stor P. Emnet har litt profil.

Høvel var weapon of choice idag.

Har litt å jobbe med enno. Pinnen er bøygd hit og dit.

I måra, søndag, er ein ny dag med meir høvling og rasping.
Oppdatering kjem brått og uventa.


Her er eit bilete av Espen sitt Halloween-verk mens du ventar.




SØNDAG:

Eg byrja dagen med sponhøvel.

Utsikta frå arbeidsplassen min.

Tor Kåre sjekkar mål frå tidlegare prosjekt.

Stig har entra bandkrakken, og jobbar på eit særs utfordrande emne.


Frk Reiersen har komt litt lengre enn meg, og minner alle på det titt og ofte.

Paul har ikkje mykje igjen. Han begynte på denne bua i april, vel å merke.

Sjølv jobbar eg med å få av barken.

Barken slapp taket godt, så eg slapp unna med kun kniv.


Det viste seg å være flotte mønster under barken.

Litt personlegheit er berre bra i ei bue.


Eg blei ikkje ferdig, men det var heller ikkje forventa.

Det neste punktet er no å spikke ut handtak og gjere høgre lem tilnærma likt det venstre, før strengehakk, finjustering og til slutt å lære pinnen å bøye seg utan å knekke. Ein særs viktig del om ein har lyst å skyte med bua i nokre år. Eg satsar på å ende opp med ei flatbue på ca 50 pund.
Neste bueprosjekt blir langbue i ask. Men det er eit stykke fram i tid. Over nyttår i alle fall.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ris/ros/forespørsel, kjør på!